Dei som enno ikkje har fått tatt koronavaksine og fell inn under gjeldande kriterium for oppfriskingsdose, kan ta kontakt med Norheimsund legesenter eller Helsebanken for å få time til vaksinering.
Telefonnummer til Norheimsund legesenter: 56 55 39 40
Telefonnummer til Helsebanken: 56 55 38 50
1. Oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp
Personar i aldersgruppa 18-64 år med følgjande sjukdomar/helsetilstander er vurdert å ha ein auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19:
- organtransplanterte
- alvorleg og moderat immunsvikt
- immundempande legemiddelbehandling som ved autoimmune sjukdomar
- hematologisk kreftsjukdom dei siste fem åra
- annan aktiv kreftsjukdom, pågående eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift).
- alvorlege nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører redusert hostekraft eller lungefunksjon (f.eks. ALS og cerebral parese)
- Downs sjukdom
- kronisk nyresjukdom og nyresvikt
- kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
- demens
- kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året
- fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
- kroniske hjarte- og karsjukdomar (med unnatak av høgt blodtrykk)
- hjerneslag
- diabetes, og då særleg paaientar med langvarig eller dårleg kontrollert sjukdom eller diabetesseinkomplikasjonar.
2. Oppfriskingsdose til ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
Tilrådinga gjeld ungdom 12-17 år med dei alvorlege grunnsjukdomane som er nemnt under. Legg merke til at denne lista med grunnsjukdomar er ulik frå lista for vaksne over.
- Organtransplantasjon (t.d. hjarte, nyre, lever osb.).
- Immunsvikt (til dømes medfødd immunsvikt eller bruk av medikament som gir betydeleg systemisk immunsuppresjon)
- Hematologisk kreftsjukdom (t.d. leukemi, lymfom) dei siste fem åra
- Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (innan siste seks månader) behandling mot kreft - spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
- Nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsett hostekraft eller nedsett lungefunksjon
- Kronisk nyresjukdom med betydeleg nedsett nyrefunksjon
- Alvorleg hjartesjukdom (barn med hjartesvikt, alvorleg pulmonal hypertensjon, cyanose, eittkammersjukdom/«Fontan-barn»)
- Alvorleg lungesjukdom (t.d. cystisk fibrose, svært alvorleg astma med forverringar som har ført til akutt sjukehusinnlegging det siste året)
- Annan svært alvorleg sjukdom. Vaksinasjon i slike tilfelle vert vurdert individuelt av barnelege.
3. Oppfriskingsdose til gravide
Gravide har auka risiko for alvorleg koronasjukdom samanlikna med ikkje-gravide kvinner på same alder. Risikoen for alvorleg sjukdom aukar utover i svangerskapet og er størst i 2. og 3. trimester. Dersom den gravide samstundes har andre risikofaktorar, som til dømes fleirlingsvangerskap eller underliggjande sjukdom, så aukar risikoen ytterlegare. Folkehelseinstituttet rår til at gravide i 2. og 3. trimester vert tilbydd oppfriskningsdose, ettersom det då er dei har høgast risiko for alvorleg sjukdom. Dette er uavhengig av om dei berre er grunnvaksinerte frå før eller allereie har motteke ein oppfriskingsdose. Det bør ha gått minst 4 månader sidan førre dose.
4. Oppfriskingsdose til dei over 65 år
5. Justering av råd om vaksinasjon etter gjennomgått infeksjon
Ny kunnskap tilseier at det er behov for ei justering i råd om vaksinasjon etter gjennomgått infeksjon. Folkehelseinstituttet orienterte i informasjonsbrev 47 om at tilråding om ny oppfriskingsdose til dei definerte målgruppene gjaldt uavhengig av om ein nyleg hadde gjennomgått ein koronainfeksjon. Minimumsintervalet vart oppgitt til 3 veker etter at ein vorten frisk for dei eldste i aldergruppa over 65 år, men at eit lenger interval truleg ville gje ein betre antistoffrespons. Denne tilrådinga var basert på at det var lenge siden denne gruppa mottok den førre dosen sin, det var usikkerheit knytt til om infeksjon med omikron (BA.1) gav vesentleg betre beskyttelse, og det såg ut til at talet på sjukehusinnleggingar auka blant dei eldste. Ny kunnskap tilseier at ein BA.1 infeksjon gir god beskyttelse mot omikronvariantar som sirkulerer no. Antistoffresponsen etter ein oppfriskingsdose vil også bli betre dersom tidsintervalet er lenger. Dersom ein har fått stadfesta covid-19, kan ein venta i 3-4 månader med å ta ein oppfriskingsdose. Dette er også i tråd med oppdaterte tilrådingar frå EMA og ECDC. Personar som ønskjer ein oppfriskingsdose tidlegare, kan få tilbod om det dersom det har gått minimum 3 veker etter at ein er friskna til.
6. Oppfriskningsdose med koronavaksine til personar i aldersgruppe 18-65 år utan underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp
Regjeringa har bestemt at det kan opnast opp for at personar i aldersgruppa 18-64 år utan auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19, kan ta ein ny dose koronavaksine viss dei sjølv ynskjer det. Folkehelseinstituttet meinar at personar i aldersgruppa 18-64 år og som ikkje har underliggjande sjukdom, har låg risiko for alorleg sjukdomsforløp av covid-19. I praksis betyr det at viss ein har teke dei tilrådde dosane med koronavaksinar, og ev. i tillegg relativt nyleg gjennomgått infeksjon, er den individuelle nytta av ein ny dose avgrensa. Folkehelseinstituttet vil derfor per no ikkje tilrå ein ny oppfriskningsdose til personar i aldersgruppa 18-64 år utan underliggjande risiko for alvorleg forløp av covid-19.
Det er likevel andre behov enn reint medisinske som kan liggja til grunn for at enkelte har eit ynskje eller behov fór ein ny dose med koronavaksine. Det kan vera i samband med reise, ynskje om å verna omgivnadane sina, ynskje om å redusera faren for meir plagsame symptom etter smitte, eller ei generell uro for sjukdom. Det er god tilgang på koronavaksine i Noreg. Denne opninga vil vera meir aktuell for dei eldste i aldersgruppa 18-65 år enn dei yngste, og særleg dei som til no berre har takka ja til to dosar.
Ved kapasitetsproblem ved legesentera, kan dei prioritera koronavaksinasjon av personar der Folkehelseinstituttet tilrår koronavaksinasjon; dvs. til personar i aldersgruppe 18-65 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp, gravide og ved alder over 65 år. Hvis det oppstår kapasitetsproblem ved legesentera for koronavaksinasjon, vil Kvam herad koma tilbake med ny informasjon om kvar personar i aldersgruppe 18-65 år utan underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp kan få oppfriskningsdose.
Aktuell lenke: Mulighet for flere til å ta ny oppfrisningsdose - FHI