Vil du gifta deg borgarleg?

Klikk for stort bileteFrå 1.1.2018 har Kvam herad fått myndigheit til å vigsla brurepar.

Kven kan gifta seg?

Det er ein del vilkår i ekteskapslova som må vera på plass for at du skal kunna gifta deg. I tillegg har Kvam herad eigne retningslinjer som gjeld for borgarleg vigsle. Gå inn på følgjande lenkjer:

Tid og stad for vigsle?

Kvam herad har lagt til rette for gjennomføring av vigsle i opningstida til Kvam rådhus (måndag- fredag kl 09.00 – 15.00). Det er også mogeleg å få vigsle utanom desse tidspunkta etter avtale.

Kvam herad tilbyr vigsle i Kvam rådhus tilpassa etter kor mange gjester brureparet har med seg. Det er også opna opp for at brureparet sjølve kan bestemma å gifta seg ein annan stad. Ved vigsle ein annan stad enn Kvam rådhus, må dette avtalast med vigslar.

Kven kan gjennomføra vigsle?

Følgjande personar kan vigsla brurepar i Kvam:

  • Ordførar Torgeir Næss 
  • Varaordførar Frode Nygård
  • Kari Sagen, HR- Sjef
  • Kari Weltzien Vik, Administrativ rådgjevar
  • Anita Hesthamar, Rådmann 

Prøvingsattest

For at du skal få inngå ekteskap, må staten først undersøkja om du har lov til å gifta deg. Dette vert kalla for prøving av ekteskapsvilkåra, og vert gjort av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. Etter at prøving er gjennomført mottar du/de ein prøvingsattest som er gyldig i fire månadar. Du/de treng denne for å avtala endeleg vigsle. Prøvingsattesten (orginal) må de leggja fram for vigslar rett før vigsla. Prøvingsattesten skal signerast av brureparet, to vitner og vigslar rett etter vigsla. Kopi av signert prøvingsattest gjeld som mellombels vigselsattest fram til brureparet mottar endeleg vigselsattest frå Skatteetaten i posten.

Ved å gå inn på denne lenkja får du meir informasjon om korleis de går fram for å få prøvingsattesten: Vegen til ekteskapet - steg for steg

Seremoni

Vigslinga skjer etter faste reglar. Vigslaren skal lesa «Det borgarlege vigselsformularet». Brureparet har høve til å gjera seremonien meir personleg om de ønskjer dette til dømes med diktopplesing, opplesing av tekst, musikk, utveksling av ringar, eller eigne ekteskapsløfter. Dette må avtalast med vigslar i god tid før seremonien.

Kostnad ved vigsle

Kvam herad har eigne betalingssatsar for borgarleg vigsle (PDF, 150 kB).

Kontakt og bestilling av vigsle

Link til elektronisk bestillingsskjema.

Dersom du ønskjer å snakka med nokon om borgarleg vigsle i Kvam, kan du ta kontakt per telefon på telefonnummer: 56 55 30 00.