Personopplysningslova som trådde i kraft den 20.07.2018 krev at det skal utnemnast eit personvernombod mellom anna dersom databehandlinga «…utføres av en offentlig myndighet eller et offentlig organ…»
Dette regelverket er og kjend som GDPR. Regelverket er teken inn i den nye Personopplysningslova.
Sjå også: Kvam herad si personvernerklæring.
GDPR?
GDPR – General Data Protection Regulation - er ei forordning som er vedteken av EU. Meininga med forordninga er å styrkje personvernet til alle innbyggjarar, óg sikre eit felles regelverk for personvern, i EU/EØS området.
Kva er eit personvernombod?
Personvernombodet skal:
- Kontrollere at verksemda overheld personopplysningslova.
- «Ombudet skal kontrollere overholdelsen av personvernlovgivningen og andre relevante regelverk med personvernbestemmelser, samt virksomhetens egne interne retningslinjer for personvern.»
- Gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar
- Samarbeide med Datatilsynet og ha funksjon som kontaktpunkt – internt og eksternt
- Bidra til å få oversikt over behandlingane i verksemda
Sjå også Datatilsynet sine nettsider.
Kva betyr det for deg?
Er du tilsett eller leiar og lurar på noko som har med personvern å gjere, så kan du ta kontakt. Personvernombodet kan rådgje og rettleie dykk som tilsette i det daglege arbeidet de gjer. Dette gjeld og dersom eininga eller avdelinga di skal innføre eit nytt system eller ny rutine.
Er du innbyggjar og lurar på noko i samband med personvern, eller om du lurar på kva rettar du har i samband med personopplysningane heradet har om deg, så kan du og ta kontakt. Personvernombodet skal fungera som eit kontaktpunkt mellom deg som innbyggjar og heradet som offentleg instans.
Kontaktinfo
Du er velkomen til å ta direkte kontakt med personvernombodet, Kenneth E. Oppedal via e-post, brev eller telefon.
Epost
ombudskommune@bergen.kommune.no
Telefon
90 06 19 58
Brev
Du kan og senda brev til personvernombodet. Send brevet til Kvam herad, som då vil vidaresenda henvendinga til vårt personvernombod.
Kvam herad
v/personvernombodet
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund
Du kan og nytta edialog. Om henvendinga er meint retta til personvernombodet må det gå tydeleg fram av teksten når du sendar e-post eller e-dialog.
Skriftlege henvendingar er som hovudregel offentlege. Unngå difor å senda brev/e-post til kommunen med informasjon som du ikkje ønskjer skal vera allment kjent. Kvam herad førar postliste.