Varelevering til Kvam rådhus
Varer skal leverast til varemottaket i «bossrommet» på rådhuset, ved personalinngangen, og ikkje ved hovudinngangen.
Varemottaket vil gå føre seg slik:
- Faste leverandørar får adgangskort for leveranse til rommet. Transportøren leverer varene på oppmerka stad i varemottaket, og kontaktar IT-avdelinga ved å ringja på porttelefonen utanfor mottaket. Alternativt ringjer dei på ringjeklokka på IT-avdelinga si dør. IT kontrollerer varene og kvitterer for mottak.
- Leverandørar som ikkje har nøkkel ringer på porttelefonen eller ringeklokka til IT. IT slepp transportøren inn, kontrollerer varene og kvitterer for mottak.
- IT-avdelinga varslar deretter mottakar av varene på e-post.
- Dersom IT-personalet ikkje er til stades må resepsjonen varslast om varemottak. Dei vil då kontrollera varer og kvittera for mottak.
Sist endra 17.09.2024 14:39