Innkjøpsstrategi 2017-2021

Kvam herad kjøper årleg varer og tenester for om lag 130 mnok. Dette utgjer ca. 17 % av vårt årlege driftsbudsjett. I tillegg kjem kjøp til investeringar, som varier i omfang frå år til år.

Avtalane som vert inngått, er viktige både for organisasjonen, brukarane og leverandørane. Med dette følgjer eit ansvar om å opptre som ein profesjonell innkjøper og sørgja for å få mest mogeleg igjen for midlane. Samstundes ynskjer kommunen å bruka anskaffingar strategisk for å medverka til den innovasjon og organisasjonsutvikling som me treng.