Radon i Kvam

Radon er ein luktfri, usynleg og radioaktiv edelgass som fins i grunnen. Den kan finne vegen inn i rom som me oppheld oss i. I for høge konsentrasjonar over tid kan han vera helseskadeleg (over fleire år). Dei fleste radonmålingane i Kvam herad viser låge verdiar, men det er område i kommunen kor det er funnet radonverdier godt over grenseverdiane til Statens strålevern, der tiltak er nødvendig.

Generelt

Radon er ein luktfri, usynleg og radioaktiv edelgass som fins i grunnen. I for høge konsentrasjonar over tid kan han vera helseskadeleg (over fleire år). Ved tidlegare radonmålingar i Kvam, i 1997, 2003, 2013 og fram til 2020, har mesteparten av målingar vist lågare verdi enn tilrådd verdi.

Det er gjennom strålevernforskrifta av 29.10.2010 sett nye krav til kva nivå som er akseptable, og det er sett tidsfrist til 1.1.2014 for å utbetra bygg der det er registert for høge verdiar. Skular, barnehagar og andre offentlege bygg er omfatta av kravet, likeeins gjeld det utleigebustader.

For nærmare informasjon viser me til materiell som ligg ute på heimesida til Direktorat for strålevern og atomtryggleik.

Kvam herad har gjennomføra måling i alle aktuelle bygg som Kvam herad er eigar av. Det er gjort kontrollmålingar og det er gjort tiltak for å få radonverdiane i opphaldstida under grenseverdiane.

Krav til private eigarar

For private bustader er det eigar sitt ansvar å gjennomføra måling.

For eigen bustad er det ikkje krav om måling, for utleigebustader gjeld kravet.

Ved utleige til Kvam herad vil det bli kravt at måling er gjennomført, og at evt. tiltak blir gjennomført innan fristen.

Tilbod til private eigarar

Kvam herad har sidan 2013 hatt ein avtale med Radonlab om å tilby private målingar til redusert pris. Kvam herad har vidareført avtalen for kommande målesesong (2020-2021). Innbyggjarar kan tinga sporfilm frå Radonlab på nettsida https://radon.eurofins.no/nb-no/products/S14668 eller på tlf. 21 96 03 50. Passordet er "Kvam".

Pris per sporfilm kosta i målesesongen 2020/21 kr 151,– inkl. moms og analyse. Frakt kjem i tillegg.

Kvam herad vil etter sommaren vurdere om me vil ha ein liknande avtale for nye målesesonger.

Ein føresetnad for redusert pris vil vere at Kvam herad og Statens strålevern får tilgang til måleresultata, slik at me kan få best mogeleg oversyn over områder som har høge verdiar.

Den einskilde eigar står sjølvsagt heilt fritt til å velja leverandør av måletenesta.

Kort om gjennomføring av radonmålingar

Målinga skal gjennomførast ved utsetjing av små boksar som inneheld ein sporfilm der radonkonsentrasjonen blir registert. Målesesongen er frå 15. okt. til 15. april.

Rom som grenser til grunnen er mest utsatt for radon. Opne rom mellom etasjene kan vere med på å spre radon oppover i etasjene. I ein vanleg einebustad/leiligheit så er to sporfilmar som oftast nok for å dokumentere radonnivået. Rom kor ein opphalder seg ofte bør prioriterast, t.d. stove og soverom. Fleire sporfilmar kan vere aktuelt om ein vil ha betre oversikt.

Måling er best å gjennomføra i vinterhalvåret, og utsetjing bør difor gjerast mellom midten av oktober til midten av april (settast ut seinast 15. feb.).

Sporfilmboksane skal stå ute i 2 mnd., og må ikkje flyttast i måleperioden. Dei skal omtrent stå i hodehøgde, til dømes øvst på ei bokhylle eller liknande. 

Når måleperioden er over (2 månader) skal dei sendast tilbake til leverandør for avlesning og rapportering.

Treng du fleire opplysingar?

Kontakt Tore Dolvik på epost: tordol@kvam.kommune.no eller på tlf: 56 55 30 76 

Tore Dolvik
Kommunegeolog
E-post
Telefon 48 05 85 00
Mobil 48 05 85 00