Samferdsel

Her finn du informasjon om reiseruter til og frå Kvam herad.

På nettstaden entur.no kan du finna rutetider og reiseframlegg for reiser med kollektivtransport over heile Noreg. Entur er eit heilstatleg selskap som arbeider på oppdrag for Samferdselsdepartementet, og som arbeider for å kopla kollektiv-Noreg saman.

Bussruter:

Skyss administrerer kollektivtrafikk (buss, ferje og hurtigbåt) i heile Hordaland fylkeskommune. Du finn bussruter og anna informasjon på Skyss sine eigne nettsider.

  • Line 925 går frå Bergen til Norheimsund og Øystese. Nokre av bussane har korrespondanse til Tørvikbygd, og nokre går også vidare til Ålvik og Voss. 
  • Line 930 går frå Bergen til Odda, over Norheimsund, Tørvikbygd og Jondal. Frå Odda går bussen vidare til Seljestad, der den korresponderer med Haukeliekspressen mellom Haugesund og Oslo. 
  • Line 740 går frå Bergen til Gjermundshamn, over Mundheim.
  • Line 749 går frå Norheimsund til Mundheim.

Båt- og ferjeruter:

Ferjerutene mellom Tørvikbygd og Jondal er å finna på Skyss sine heimesider (PDF). Der finn ein også rutene for andre ferjestrekningar i Hardanger, inklusive Kvanndal - Utne og Gjermundshavn - Varaldsøy - Årsnes.

Prisane for ferje vert regulert av AutoPASS-regulativ for ferjetakster. Dersom du ynskjer rabatt på køyretøyet ditt treng du AutoPASS-brikke og ferjeavtale. Passasjerar er gratis. 

Om sumaren (1. mai til 30. september) går det dagleg fjordcruise / skyssbåt frå Norheimsund til Herand, Utne, Lofthus, Kinsarvik, Ulvik og Eidfjord, og attende. Denne korresponderer også med buss frå / til Bergen. 

Tog:

Dei næraste jernbanestasjonane er Arna, Trengereid og Voss stasjonar. Frå Arna og Voss er det enkelt å ta buss vidare. For ruteopplysningar, sjå vy.no

Bil:

  • Fylkesveg 7 går frå Trengereid i Bergen (langs E16) til Granvin, der den møter riksveg 13. Vegen går forbi Norheimsund, Øystese og Ålvik. 
  • Fylkesveg 48 går mellom Frølandsvatnet i Samnanger og Etne i Sunnhordland, og passerer Mundheim og Gravdal i Kvam herad.
  • Fylkesveg 49 går frå Jektavik på Stord til Norheimsund. Frå Mundheim til Gjermundshavn har den felles trasé med fylkesveg 48. Nordover frå Mundheim passerer vegen Oma, Strandebarm, Tørvikbygd og Vikøy før han når Norheimsund.

Ein finn detaljerte vegkart på Statens Vegvesen sine nettsider

Fly:

Næraste flyplass til Kvam herad er Bergen lufthavn (Flesland). For meir informasjon, sjå flyplassen sine eigne nettsider.