Kommunedelplan for energi og klima 2012-2015

Det er industrilanda si høge og veksande energibruk av fossilt og ikkje-fornybart brensel som er den direkte årsaka til den globale oppvarminga.

Klimaspørsmålet handlar difor i hovudsak om energi, om mengda energi og om kva type energi vi nyttar innafor ei rad med oppgåver og område. 

Kommunedelplanen for energi og klima 2012-2015 (PDF, 3 MB) vart vedteken i Kvam heradsstyre i mars 2012. Ein lokal klima- og energiplan er meint å sikre:

  • at heradet vert eit førebilete lokalt i arbeidet med å redusere klimagassutslepp
  • ein meir effektiv energibruk og omlegging til energifleksible løysingar i heile heradet. Kommunal bygningsmasse skal redusere energibruken med minst 10 prosent.
  • at heradet nyttar eit bredt spekter av verkemiddel og utnytter sine roller til å redusere det lokale klimagassutsleppet.