Redusert foreldrebetaling

Har du låg inntekt? Då kan du ha rett på redusert foreldrebetaling i barnehage.
Ilustrasjonsbilete. Feeloona / Pixabay.  

Redusert foreldrebetaling

Inga hushaldning skal betala meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Foreldrebetalinga er og avgrensa av maksimalprisen, som frå 1. august 2024 er kr. 2000,- pr. månad.

Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar

Familiar med låg inntekt har rett til gratis kjernetid i barnehagen for 2- 5 åringar og barn med utsett skulestart. Frå august 2024 er inntektsgrensa justert til kr 642.700.

Husk at du må søka på nytt for barnehageåret 2024/25

Søknadsfrist

For å få rett faktura for august må søknad om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid vera motteke seinast 19. juni. 

Søknadsfristen er 31. juli, for å få innvilga redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid frå og med august. Då vil du få full barnehagefaktura for august og korrigert faktura i september.

Du kan søkja gjennom heile året. Vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid gjeld frå månaden etter at søknaden er motteken.

Du kan søkja via digitalt søknadsskjema, som du loggar inn på med BankID. Dersom du ikkje har tilgang på BankID eller av andre årsaker føretrekk det kan du også nytta eit papirskjema, som kan lastast ned, skrivast ut og sendast per post. (DOCX, 49 kB)

OBS! Redusert foreldrebetaling gjeld både for barnehageplass og for plass i SFO. Det er difor felles søknadsskjema og felles sakshandsaming for dei som har barn i barnehage og barn i 1. - 4. trinn i SFO.

Har du spørsmål om ordninga?
Ta kontakt med barnehagestyrar,  leiar for barnehage Ingunn Mo, tlf. 997 38 755, e-post: ingumo@kvam.kommune.no eller rådgjevar for oppvekst Heidi Milje, heidi.milje@kvam.kommune.no