Velkomen som turist i Kvam

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger.

omaholmen i Hardangerfjorden - Klikk for stort bileteOmaholmen, Omastrand

  

Berre ein times køyring via Kvamskogen finn du oss ved foten av fjella og i hjarta av Hardangerfjorden.

Hardanger har vore eit viktig europeisk reisemål heilt sidan 1800-talet.
Området er kjent for sin fantastiske natur og for eit levande kulturliv, og er perfekt både for dei som ynskjer ein aktiv ferie, og for dei som har lyst å slappe av. Den 179 kilometer lange Hardangerfjorden er den tredje lengste fjorden i verda.

I Kvam kan du blant anna oppleva dette:

  • Steinsdalsfossen
    Ein av Noregs mest vitja fossar, som ligg like ved Fv7, to kilometer frå Norheimsund mot Bergen. Steinsdalsfossen har eit fall på 50 meter og er spesiell fordi du kan gå på baksida av fossen utan å verta våt. Ein fin liten spasertur. Her finn du også turistinformasjonen i Kvam.
  • Hardangerbadet
    Symjeanlegget, med 25 meters basseng, familiebasseng og terapibasseng. Kafé, badebutikk med meir.
    Her finn du opningstider, prisar og bestilling til badet.
  • Kunsthuset Kabuso
    Kabuso tilbyr kunstutstillingar, konsertar og arrangement. Kunsthuset har ein særmerkt kammermusikkhall med plass til 150 tilhøyrarar.
    Les meir om Kabuso på denne lenka. 
  • Ingebrigt Vik museum 
    På dette museet, som ligg i tilknytning til Kabuso, kan du sjå dei vakre skulpturane til Ingebrigt Vik - både inne og ute i eigen park. 
  • Hardanger Skyspace 
    Signert av den amerikanske kunstnaren James Turrell .I form av ein åttekanta bygning med opning i taket og sitjeplassar til 18 personar, gir kunstverket ei unik oppleving av farge, himmel, rom og lys. Les meir og kjøpt billettar her.
  • Spildegarden
    Hos Jane og Geir Henning kan du smaka, oppleva og høyra om eplesideren si kulturhistorie. I tillegg til sider- og eplemostsmaking, lunsj eller middag i Eldhuset, kan du handla dei prisbelønna produkta deira - året rundt i gardsutsalet, samt ferske bær og frukt i sesong. Les om Spildegarden her.
  • Hardanger akvasenter
     Eit visningssenter for havbruk med aktivitetar både på land og i vatn. Les om akvasenteret her.
  • Hardanger Fartøyvernsenter 
    Fartøyvernsenteret har opne maritime verkstader og aktivitetar for alle, samt skiftande utstillingar og filmar.
    Les meir og fartøyvernsenteret på nettsidene deira.
  • Breievne gard
    Sal av varer på Saft & siderhuset, kaffistove, bunadstekstiler, Hardanger glamping, kulturminne kultur & drykk.
    Les meir om dei mange tilboda til Breievna gard her.
  • Halvardsnausetet
    Halvardsnaustet arrangerer ei rekkje spennande arrangement gjennom heile året. Fra intime middagar til store feiringar, dei har noko for einkvar smak. Restaurant og arrangement finn stad i sjarmerende lokaler på Omastranda.
  • Linda Lid Keramikk

    Verkstadutsalget i Strandebarm er opent alle dagar for besøkjande! Ta gjerne kontakt fyrst dersom du vil vera sikker på at keramikaren er heime.

  • Ski opplevingar 
    Sjusete skisenter 
    Furedalen alpin 
    Skiløyper på Kvamskogen

Er du klar for tur?
ut.no finn du forslag på ulike fot- og sykkelturar i Kvam. 

Sjekk ut den unike DNT hytta Kiellandbu eller freistar Breidablik med sin spennande lokalitet og historie meir?
Gjerne du heller ynskjer ein rolegare tur rundt Movatnet eller kva med dagsturhytta ved Krokavatn?

Uansett ynskjer me deg ein god tur og velkomen til oss!

For meir turistinformasjon om Kvam og Hardanger, kan du besøka Visit Hardangerfjord på denne lenka!

bilde av familie i Hardangerbadet - Klikk for stort bilete
bridablik - Klikk for stort bilete
barn rundt trebår i båtbyggeriet - Klikk for stort bilete
vegen under steinsdalsfossen - Klikk for stort bilete
bilde av menneske på ribtur i fyksesund - Klikk for stort bilete
Statue på Ingebrikt Vik Museum - Klikk for stort bilete
Storafjell, Strandebarm - foto: Aud Charlotte Økland - Klikk for stort bilete
bilde av kabuso med torefjell i bakgrunn og bløming i front - Klikk for stort bilete
bilde av dagsturhytta - Klikk for stort bilete
Frå Ingebrigt Vik museum - Klikk for stort bilete