Kvam herad har to kartløysingar, følg lenkene nedanfor:
Dette er ei kartløysing som er tilpassa nettbrett og mobil i tillegg til datamaskin. Denne løysinga er kjappare og har den mest nødvendige informasjonen.
Denne kartløysing er tilpassa datamaskin. Denne løysinga har fleire funksjonar og temakart. Det tek litt tid å laste denne løysinga.
For å sjå planstatus etter kommuneplanen sin arealdel kan du nytta deg av direktelenkjene under:
Ei kort brukarrettleiing til avansert kart
Når du brukar avansert kart, kan du zooma deg inn på ein stad i Kvam, og deretter kan du velja mellom standardkart eller arealplanar på menyen oppe til venstre i kartløysinga (sjå bilete til høgre).
Under dette valet er det fleire ulike faner å velja blant. Under søk-fana (forstørrelsesglaset) kan du søkja etter konkrete planar (etter namn eller ID) og adresser. Under teiknforklaring-fana (som kan likna på eit miksebord) kan du skru av og på ulike kartlag. Gjennom å zooma inn på Ålvik og kryssa av på "Kommunale eigedomar" kan du til dømes syna kva areal kommunen eig i Ålvik:
Vala under teiknforklaring-fana kan du t.d. også nytta til å syna kommuneplanen sin arealdel, og du kan velja å visa eller skjula ulike typar formål i denne.
Vel du "arealplanar" i knappemenyen øverst, kan du også få opp gjeldande reguleringsplanar. Klikkar du på eit område vil det oftast koma opp plankart og føresegner for denne staden til nedlastning i menyen til venstre.