Strandebarm symjehall

Symjehallen i Strandebarm er eit offentleg bad med 25 meters basseng og badstue. Hallen er ein del av Strandebarm idrettspark.

Strandebarm idrettspark - Klikk for stort bilete

_____________

Strandebarm idrettslag har teke på seg oppgåva med å drifta tilbodet om offentleg bading i Strandebarm symjehall.

Tilbodet opnar etter haustferien.

Opningstider haust 2023 - vår 2024

Periodar: 23/10 - 17/12-23 og 02/01 - 22/02-24.
04/03-24 til 21/03-24

Måndagar kl 19 -21 Dame-/herrebading

Tysdagar kl 17 -18 Familiebading born 1-5 år
kl 18 - 19 Familiebading 1. - 5. klasse
kl 19 -20 Familiebading 6. - 10. klasse

kl 20 -21 Herrebading

Torsdagar kl 19 -20.30 Damebading

Sundagar kl 13 -15 Ope for alle

 

Billettprisar

Billett Pris
Einskildbillett, barn 35,-
Einskildbillett, vaksen 65,-
Halvårskort, barn 128,-
Halvårskort, vaksen 275,-
Halvårskort, familie 660,-
Årskort, familie 1320,-

 

Betaling

  • Bankgiro nr 3530.21.06531
  • Vipps 553785

Det ligg faktura i symjehallen for å betala årskort. Einskildbillett betalar ein inne i symjehallen.

Utleige

I tillegg til offentlege badinga er det høve til å leiga bassenget.

Ta kontakt med rektor på Strandebarm skule for leige av bassenget.

Leigetakar må ha badevakt med godkjent livredningsprøve.

Bassengreglar

  • Alle skal nytta badehette
  • Alle skal nytta badetøy, undertøy under badetøy vert ikkje akseptert.
  • Born under 11 år skal ha ein vaksen person (over 18 år) med seg. Dersom barnet ikkje kan symja skal den vaksne vera med ut i bassenget.
  • Alle skal vaska håret før bruke av bassenget
  • Alle skal dusja nakne og vaska seg grundig med såpe før bading
  • Barbering, fotpleie, farging av hår, tyggegummi, glassflasker og mat er ikkje tillete i symjeanlegget
  • Det er ikkje tillete å bada med plaster eller opne sår