Utekontakt

Utekontakten i Kvam er eit oppsøkjande og lett tilgjengeleg tilbod for ungdom og unge vaksne mellom 13 og 20 år. Tilbodet er for alle ungdomar i Kvam og nettverket deira.

utekontaktane i Kvam, Jarle, Monika og Sunniva - Klikk for stort bilete

 

Du kan ta kontakt med oss berre for å slå av ein prat, spørja oss om ting du lurer på, fortelja oss noko som uroar deg eller få vita kvar du kan søkja hjelp om du eller andre ungdomar treng det. Utekontakten har teieplikt.

Utekontakten samarbeider med andre i heradet for å førebyggja rus, kriminalitet og psykososiale utfordringar.

Utekontakten driv ungdomsbasen – ein treffstad for ungdom frå 13–20 år. 

Ungdomsbasen er open kvar torsdag frå 14.30 til 20.00. Utanom desse tidene er me tilgjengeleg på telefon og for avtalar. 

Tilbodet er gratis!

Utekontakten ynskjer å vera til hjelp og støtte for unge i Kvam! 

Me er ute der ungdom er, eller inne på basen😊. 

Me er her for deg!

Følg gjerne Utekontakten i Kvam på Instagram (kvam.utekontakt) og Snapchat (kvam.utekontakt)!

Utekontakten i Kvam

 (vikarar)

Monika K Solberg 

Mobil 920 83 998

E-post: monjoh@kvam.herad.no

Sunniva Torpe

Mobil 940 04 148

E-post: suntop@kvam.herad.no 

Jarle Bjørke

Mobil 488 86 311

E-post: jarbjo@kvam.herad.no 

 

 

 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.