Dagsturshytte

Dagsturhytta i Kvam, Kvilekroken, ligg ved Krokavatnet. Nedanfor finn du ei skildring av turen.

Dagsturshytta Kvilekroken Jon Nedkvitne    

Type: Fottur

Gradering: Blå

Lengde og varigheit

  • 2,3 km
  • tid: 1,5 timer (ca 45 min ein veg)

Sesong: apr/mai – okt

Turomtale: Frå Norheimsund fylgjer du Rv.49 mot Tørvikbygd. Omtrent 1 km frå sentrum tek du til høgre mot Tveit. På Tveit er det ikkje høve for parkering, men her kan du betala vegavgift til veglaget (kr75,-) og køyra grusvegen til Solhaug (enden på vegen). Dersom du ikkje vil betala vegavgift tilrår me å parkera på Norheimsund stadion og gå opp Sandvenlia. På vinterstid er det ikkje høve til å køyra til Solhaug.

På store utferdsdagar kan det fort verta fullt på parkeringsplassen på Solhaug. Ved Norheimsund stadion er det gode parkeringsmoglegheiter.

Frå parkeringsplassen på Solhaug fylgjer du stien langs kraftgata/røyrgata. Turen går jamt oppover med enkelte bratte parti. Stien og røyrgata fører deg oppover mot Krokavatnet. Etter toppen av røyrgata går stien til høgre over ei myr og vidare over ei lita bru. Du følgjer no stien vidare og vil ha Krokavatnet på di venstre side. Om lag 200 meter frå hytta kjem du til den gamle demninga, denne går du over og tek så til venstre for dei siste metrane bort til Kvilekroken. Dersom vassnivå er særs høgt i Krokavatnet kan du oppleva at vatnet renn over kanten på «gamledammen». Då er det tilrådd og gå vidare nedover (fylg grusvegen), og forbi dammen på nedsida. 

OBS: Me ber om at du ikkje går inn i dagsturhytta med sko!