Spesialundervisning for vaksne

Vaksne som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, kan ha rett på spesialundervisning.

PPT må etter at den vaksne er tilvist til oss, gjennomføra ei sakkunnig vurdering som vurderer om du har rett til spesialundervisning eller ikkje.

Kven kan få tilbodet?

Vaksne som:

  • ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet
  • har særleg behov for hjelp til å vedlikehalda eller utvikla grunnleggjande ferdigheiter
  • treng ny opplæring på grunn av sjukdom eller skade
  • har redusert hørsel og treng opplæring
  • har synshemming  og treng opplæring
  • har språk-, stemme- eller talevanskar og treng opplæring

Slik søkjer du

Du brukar søknadsskjema for spesialundervisning og sender det til PPT for Kvam. Det er ynskjeleg å gjera dette i samråd med vaksenopplæringa.

Har du behov for logopedhjelp?

Søknadsskjema til logoped for vaksne finn du her: 

PPT i Kvam herad har eige organisasjonsnummer: 975319091

Gunvor Frantzen Ulltang
Leiar PPT
E-post
Telefon 56 55 30 56