Plutseleg var me til vegs ende på kulturskuleåret! 

 Dei siste vekene har mange av elevane og lærarane våre arbeidd med ein musikkvideo.

Nyt songen, bileta, musikken og animasjonen ved å sjå filmen her.

Saman når me litt lengre og får til endå meir. 

 

No er det mindre enn ei veke att til søknadsfristen vår! Fristen er 15. mai og me gler oss til å ta fatt på arbeidet med å tildele plassar og legge den store kabalen med timeplanar, trivelege elevar og dyktige lærarar!

Me er stolte over å kunne presentere eit rikhaldig fagtilbod for skuleåret 21/22!

I tillegg til dei faga me har hatt dette skuleåret utvida me med tre nye grupper.

Både grunna dette viruset me alle no kjenner så godt, og for å få det tekniske rundt påmeldinga til å fungere akkurat slik det skal, vel me å utsette søknadsfristen for neste skuleår til fredag 15. mai. 

Det vart måndag 5. april vedteke å innføre ei rekkje lokale tiltak for å hindre smittespreiing i området vårt. Les meir om desse tiltaka her.

For kulturskulen sin del har det følgjande innverknad: 

No er det snart berre ein månad att til det på ny er frist for å søkje plass på Kulturskulen! Me gler oss til å presentere nokre nye fag, og sjølvsagt til å vidareføre dei me alt har!

Det er med stor glede me kan melde om at me no får lov til å gå tilbake til gult smittevernnivå også på kulturskulen!
 
For veke 8 gjeld følgjande:

 Me har opna for undervisning for ein-til-ein-undervisning for dei elevane som går på skular som er opne.
Me er på raudt smittevernnivå.

Med det meiner me:

  • All gruppeundervisning er no digital
  • Elevar eller lærarar som kjenner seg sjuke skal ikkje møte på Kulturskulen
  • Me vaskar hendene godt før og etter undervisning, og tenkjer oss om slik at me ikkje hostar eller nys på folk
  • Me held avstand til kvarandre
  • Me deler ikkje instrument. Om lærar / elev td. må nytte same piano eller gitar må ein vere ekstra nøye med reinhald
  • Me møter presis til time slik at ikkje fleire vert ståande å vente samtidig
  • Føresette kan diverre ikkje vere med inn på time, men må vente utanfor om ikkje anna er avtala

 

Korleis påverkar koronasituasjonen Kulturskulen?
Me legg planar og endrar dei i takt med alt som skjer rundt oss.
For oss i Kulturskulen er det følgjande retningslinjer som gjeld fram til de får ny melding:
 

Innlogging

Ynskjer du å sjå kontaktopplysningar som er registrert på ein elev, å gjera endringar, å re-registrera for å behalda elevplassen vidare eller å melda ein elev av ein disiplin?

Logg inn i Speedadmin.

(Brukarnamn = fødselsdato)

Har du spørsmål? Kontakt oss på rose(at)kvam.kommune.no

Kvam kulturskule på Facebook