For elevar og føresette

Godt samarbeid og god kommunikasjon mellom elev, lærar, føresette og skule er viktig for at ein skal få det maksimale ut av kultursuleplassen sin.

Adminstrasjonsprogrammet me brukar heiter Speedadmin. Det er i dette programmet elevar vert registrert i det dei melder seg inn i kulturskulen. Som føresett og elev kan ein også logge seg inn i dette programmet for å sjekke timeplan, evt. undervisningsfri, finne kontaktinformasjon til lærar eller melde frå dersom eleven ikkje kjem til undervisning.

Etterkvart ynskjer me også å ta Speedadmin meir og meir i bruk som kommunikasjon kring heimearbeid. Altså at notar, tekstar og anna vert sendt via Speedadmin. 

Du loggar inn i Speedadmin enten via lenkja her eller ved å gå til www.speedadmin.dk

Vel så Kvam kulturskule
Brukarnamn har alle registrerte elevar og føresette fått. (Har du gløymt det, sjå under)
Passord: 

Har du gløymt brukarnamn og / eller passord, trykker du på "Glemt passord".
Og du vil få e-post med brukarnamnet ditt + retteleiing om korleis du lagar deg eit nytt passord.

 Du kan no også logge inn via ID-porten.