Redusert elevbetaling?

I Kvam kulturskule er det mogleg å søkje om inntektsgradert elevbetaling. Inntektsgradert betaling kan gjevast etter søknad frå føresette med redusert betalingsevne. Retningslinjene finn du her:

Grunnbeløpsatsane i trygdesystemet vert nytta som grense i høve rett til reduksjon.

Inntektsgradert elevbetaling kan gjevast etter søknad frå føresette med låg betalingsevne.

Kvam kulturskule har to satsar:

  • Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 2G (grunnbeløp ) blir gjeve 100 % reduksjon.
  • Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 3G (grunnbeløp ) blir gjeve 50 % moderasjon.
  1. Hushaldningar som kjem inn under denne ordninga er: ektepar/sambuarar, forsytarar med delt omsorg og einslege forsytarar som ikkje har krav på stønad til barnetilsyn.
  2. Den samla inntekta til er utgangspunktet for eventuell inntektsgradert elevbetaling. 
    Inntekt er: Bruttoløn, kontantstøtte, pensjon, trygdeytingar (unnateke barnetrygd, grunn- og hjelpestønad), inntekt på eiga verksemd, omsorgsløn, barnebidrag, bustøtte, stipend, studielån, sosialhjelp, renter og anna finansinntekt.
  3. Stadfesting og dokumentasjon må leggjast ved søknaden. Inntektsdokumentasjon skal ikkje vera eldre enn ein månad.
  4. Inntektsgradert elevbetaling trer i kraft semesteret etter at søknad med fullstendig dokumentasjon er motteken. Søknaden har ikkje tilbakeverkande kraft.
  5. Moderasjonen varer for 1 år, dersom det ikkje er endringar i grunnlaget for utrekninga. Etter 1 år må det søkjast på nytt med ny dokumentasjon.
  6. Alle hushaldningar som får endra sin økonomiske situasjon eller sivile status, pliktar å opplyse om dette.
  7. Vedtak om betalingsreduksjon er enkeltvedtak og kan klagast på, i tråd med forvaltningslova.