Motorferdsle i utmark

Motorferdsellova gjeld i utmark, dvs ikkje på innmark (stølsvollar er utmark) og på veg som er opparbeidd for bilkøyring (ubrøytt veg er utmark).

Motorferdsellova er ikkje til hinder for politi- ambulanse- og redningsteneste eller oppsyn.

Søknad om løyve til motorisert ferdsle i utmark

Reglane om motorferdsel i utmark

Dette har du lov til:

  • Du kan tinga leigekøyrar til  å utføra dei fleste typar transportoppdrag med scooter utan å søkja. Leigekøyrarane har sjølvsagt visse retningsliner dei er forplikta til å fylgja.
  • Ferdsel i jordbruks- og skogbruksnæring. Her er næring eit nøkkelord. Om ein nyttar medhjelpar i jord- og skogbruk må det dreia seg om eit reelt arbeidsforhold som kan dokumenterast. Drift av utleigehytter, jakt, fangst, fiske og bærsanking vert ikkje rekna som jordbruksnæring i denne samanheng.
  • Transport av jaktutbyte frå elg- og hjortejakt. Gjeld traktor, ATV og andre køyrety, men har du tenkt å nytta helikopter må du søka.
  • Transport med snøscooter i samband med byggesak
  • Transport av ved frå eigen eigedom med snøscooter
  • Naudsynt transport til turistanlegg som ikkje har vegtilkomst, gjeld snøscooter

Dette kan du søkja om:

  • Motorferdselløyve for rørslehemma.
  • Løyve til frakt av materialar til reparasjon av hytter og sel i utmark.
  • Løyve knytt til utmarksnæring (anna enn landbruk)
  • Transport av ved med anna køyrety enn snøscooter (eller frå annan eigedom)
  • Gruppeturar for eldre eller rørslehemma etter gitte kriterie.

Me har ikkje høve å gje løyve til:

  • Transport opp for å køyra på ski ned att.
  • Turkøyring
  • Motorsport i utmark (krev reguleringsplan)

I verneområda er det strenge restriksjonar for motorferdsel, her treng du løyve frå vernestyresmakta i tillegg til kommunen. Då kan du senda oss den same søknaden som du sender nasjonalparkstyret, så slepp du å fylla ut skjemaet.

Hugs å søkja i god tid, særleg om det gjeld motorferdsel på barmark, for då må saka handsamst politisk. 

Ulovleg motorferdsel i utmark

Du kan varsla naturoppsynet, politiet eller kommunen dersom du er vitne til ulovleg motorferdsel i utmark.

Jan Tjosås
Leiar
E-post
Telefon 92 01 89 12
Mobil 92 01 89 12