_______________
Kva er eDialog?
eDialog er ein trygg og effektiv kanal for skriftleg kommunikasjon med kommunen. Tenesta krev innlogging med elektronisk ID (til dømes BankID). Dette sikrar at kommunen veit kven som sender dokumenta, og at innhaldet vert handsama på ein trygg måte.
Når du nyttar eDialog, kjem dokumenta direkte inn i kommunen sitt sakssystem og vert journalførte i tråd med gjeldande regelverk. På denne måten bidreg du til raskare og betre sakshandsaming.
Du kan nytta eDialog til å
- senda søknadar og skjema som ikkje har eigne digitale løysingar
- senda vedlegg og dokument i ei pågåande sak
- senda klagar, merknadar eller suppleringar til kommunen
- ta skriftleg kontakt med kommunen i saker som krev trygg sending
Tenesta er særleg godt eigna når du skal senda informasjon som inneheld personopplysningar eller andre sensitive opplysningar.
Du skal ikkje nytta eDialog til
- akutte hendingar eller saker som hastar
- meldingar som krev strakshandtering
- generell informasjon eller enkle spørsmål som kan takast per telefon eller via kommunen sitt postmottak. Då kan du sende e-post her.
- saker som alt har eigne digitale skjema eller løysingar
Ved akutte situasjonar må du alltid kontakta naudtenestene eller kommunen per telefon.
Viktig å vita
- All post som kjem inn via eDialog, kan verta journalført og vera offentleg etter reglane i offentleglova.
- Hugs å skriv tydeleg kva saka gjeld, og legg ved alle relevante dokument.
- Ikkje skriv sensitive personopplysningar (til dømes opplysningar om helse) eller personnamn i tittelen då denne kan verta synleg i postlista.
- Oppgje gjerne saksnummer dersom innsendinga gjeld ei eksisterande sak.
- Du vil få ei kvittering i nettlesar og sendt til e-postadressa di med referansenummer for sendinga.
Du kan svara kommunen via eDialog
Om Kvam herad sender brev til deg via Altinn, Digipost eller e-Boks, vil du i oversendinga sjå lenke til eDialog-skjema "Svar på denne forsendelsen".
Der kan du fylla ut, lasta opp vedlegg og senda tilbake. Svaret vert sendt direkte inn i sak-/arkivsystemet på rett sak.
Send inn post via sikker digital post (eDialog)
Følg denne lenka til eDialog.