Vegleiing til fyrste pålogging for politikarar

Instruksjonar for korleis komme i gong med kommunal konto for politkarar

Denne gjennomgangen er laga for deg som er politikar, men ikkje er kommunalt tilsett. Kommunalt tilsette har eit anna tryggleiksregime med bruk av smartkort.

Du treng ein mobiltelefon med appen Microsoft Authenticator, du finn den i Google Play eller Appstore. Du treng og tilgong til bankid med mobil, app eller kodebrikke.
(Det er mogleg å bruke andre 2-faktor applikasjonar, men me vil i denne gjennomgangen vise Microsoft Authenticator)

Dersom du har ein Microsoft/M365/Office365 konto privat eller frå arbeidsgjevar, som du nyttar på samme pc anbefalar me å enten bruke ein annan nettlesar til dei kommunale tenestene eller at du opnar dei i InPrivate/Inkognito-vindauge.

Skjermbilder i denne vegleiinga er henta frå Microsoft Edge (og Microsoft Authenticator). Andre nettlesarar vil ha ganske tilsvarande bilder.

Lage passord

Du går inn på adressa https://mega.eadm.no/#/forgotpassword/NO944233199

Kryss av for ID-Porten, og trykk på Authentiser deg via id porten.

Viser påloggingsbildet for eAdm - Klikk for stort biletePåoggingsbildet til eAdm

 

ID-Porten påloggingsbilde - Klikk for stort bileteID-Porten påloggingsbilde

 

 

I dette bildet vel du BankID (dersom du har ein av dei andre id-ane så er det mogleg å bruke dei og.)
Me viser ikkje påloggingsprosessen med BankID då denne nok er kjend for dei fleste.

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter pålogging får du dette bildet - her set du passordet du ynskjer.

Endre passord i EAdm - Klikk for stort bileteEndre passord i EAdm

Me anbefalar å bruke ein tekststreng på 16 teikn eller meir som du lett hugsar men som ikkje er lett å gjette. 

Det er nokre reglar for kva passordet må innehalde - store og små bokstar, tall og spesialteikn - dette ser du i den blå boksen over passordfelta.

Døme:

0ppsiktsvekkjande dårleg passorD?
Torgeir Næss for presid3nt!

Ikkje bruk døma.Skriv ynskja passord i begge felta og trykk på lagre-knappen.
 

Fullført passordendring i EAdm - Klikk for stort bileteFullført passordendring i EAdm

Når du har laga eit godt nok passord og lagra får du denne meldinga på skjermen. Du kan då logge ut av eadm (trykk på namnet ditt oppe til høgre)

 

Oppsett av Authenticator-appen

https://www.office.com er ein grei start å byrje.

Trykk på Logg inn.

Skjermbilde frå pålogging til Office.com - Klikk for stort bileteLogg inn på Office.com​ Logg på - bildet til Office.com - Klikk for stort biletePåloggingsbilde nummer 1

 

 

Skriv inn brukarnamnet du har fått.

Trykk på Neste.

 

 

 

 

 

 

 

 

Påloggingsbildet for office.com i Edge - Klikk for stort biletePåloggingsbilde office.com/Edge

 

 

 

I dette bildet skal du oppgje brukarnamn og passord du har fått. Du treng ikkje ta med @kvam.kommune.no.
Merk deg at det skal stå https://ss.felles.adstringo.no.

Trykk på OK

 

 

 

 

Trenger mer informasjon - oppstart av auth-aktivering - Klikk for stort bileteStart av aktivering av auth-app

 

 

 

 

Du skal då få bildet til høgre.

Trykk på neste for å starte aktivering av auth-appen din (eg. Microsoft Authenticator)

 

Trykk på Neste.

 

 

 

 

 

 

 

Start på auth-aktivering. Skaff deg appen - Klikk for stort bileteSkaff deg auth-app

 

Om du ikkje har skaffa Authenticator appen før, er det på tide no. Du finn den på Play Store eller Appstore.

Dersom du skal bruke ein annan app enn Microsoft Authenticator er det her du velger det. Då er du på eiga hand herfrå.

Når du har skaffa appen, trykker du på neste.

 

 

Start av oppsett Microsoft Authenticator - Klikk for stort bileteStart av oppsett Microsoft Authenticator

 

 

 

Trykk Neste for å starte konfigurerer Microsoft Authenticator.

 

 

 

 

QR kode som skal skannast i Authenticator appen. - Klikk for stort bileteQR kode for Authenticator

 

 

 

Det neste bildet du får er vist til venstre. Det inneheld ein QR-kode som skal skannast i Authenticator. Den prosessen vert vist i dei neste skjermbilda. 

Skulle du få problem med å scanne QR-koden, så er det mogleg å manuelt taste inn ein tallkode ved å trykke på "Kan du ikke skanne bildet?"

 

 

 

 

Her følger korleis du navigerer for å legge til den kommunale kontoen din i Microsoft Authenticator. Dette er gjort på ein telefon med Android operativsystem. Har du Ios (Apple/Iphone) kan bilda avvika litt, men mykje er likt.

Frå authenticator-appen. - Klikk for stort bileteFrå authenticator appen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Start Microsoft Authenticator, og trykk på plussen oppe til høgre i skjermbildet for å legge til ein konto.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå authenticator-appen. - Klikk for stort bileteFrå authenticator appen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I neste skjermbildet velger du Jobb- eller skolekonto.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå authenticator-appen. - Klikk for stort bileteFrå authenticator appen

 

 

 

 

 

 

 

 

Velg "Skann en QR-kode"

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå authenticator-appen. - Klikk for stort bileteFrå authenticator appen

 

 

 

 

 

 

Bruk kamera på telefonen til å skanne QR-koden

(får du problemer med å scanne QR-koden kan du, som tidlegare nemnd, her velje å skrive inn ein tallkode i staden)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå authenticator-appen. - Klikk for stort bileteFrå authenticator appen

 

 

 

 

 

 

Når du har fått skanna QR-koden har du aktivert kontoen i Authenticator-appen, og skal då den opp i lista, slik som vist i bildet til høgre for "lindan@kvam.kommune.no"

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter at authenticator-appen er sett opp, trykker du på "Neste" på sida med QR-koden, då vil nettsida forsøke å gjennomføre ein test av oppsettet. Dette er vist i bilda under.

Prosessen med testing av authenticator-oppsett. - Klikk for stort bileteTesting av Authenticator-oppsettet

 

 

Talkoden som vert oppgitt her, skal du no skrive inn i Authenticator-appen. 

 

 

 

 

 

Prosessen med testing av authenticator-oppsett. - Klikk for stort bileteTesting av Authenticator-oppsettet

 

 

 

Om alt har gått bra, får du denne glad-meldinga. 

 

 

 

Prosessen med testing av authenticator-oppsett. - Klikk for stort bileteTesting av Authenticator-oppsettet

 

 

 

 

 

 

 

 

Du er no klar til å logge på Microsoft-tenestene du har tilgong til igjennom Kvam herad.

Spørsmål eller hjelp? Ta kontakt med IT-avdelinga på 5655 3045

 

 

Du får tilgong til alle tenestene frå Microsoft via https://www.office.com, men du kan og nå til dømes epost direkte på https://outlook.office.com. Du kan òg setje opp appane som Outlook, Teams og Onedrive for enklare tilgong i det daglege. 

 

 

Påloggingsprosessen for www.office.com

Skjermbilde frå pålogging til Office.com - Klikk for stort bileteOffice.com

Logg inn på office.com.

 

Logg på - bildet til Office.com - Klikk for stort biletePåloggingsbilde nummer 1

 

 

 

Skriv inn brukanamnet ditt

 

 

 

 

 

 

 

Påloggingsbildet for office.com i Edge - Klikk for stort biletePåloggingsbilde office.com/edge

 

 

 

Du får dette påloggingsbildet.
Merk deg at du loggar på https://ss.felles.adstringo.no

Skriv inn brukarnamn (du treng ikkje ta med @kvam.kommune.no), og passordet ditt.

 

 

 

Authenticator kode for å godkjenne påloggingsførespurnaden - Klikk for stort bileteGodkjenning av påloggingsførespurnad på office.com

 

 

 

 

 

Det neste bildet som dukkar opp ser omlag slik ut.

Samstundes får du eit push varsel frå Authenticator appen som du kan bruke for å opne appen.

Ellers må du starte Authenticator appen for å fullføre pålogginga.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Godkjenning av pålogging i Authenticator-appen - Klikk for stort bileteAuthenticator-godkjenning

 

 

 

 

 

 

 

Authenticator-appen ser slik ut, Skriv inn talet frå nettsida i feltet "Angi nummer her" og trykk på Ja.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter pålogging er godkjent i Authenticator appen får du eit skjermbilde som liknar det under, med dei ulike tenestene/programma til venstre i bildet.

Bilde som viser www.office.com etter pålogging. - Klikk for stort biletewww.office.com