Landbruk - Miljøtiltak

Trur du at du kan få tilskot til å skjøtta kulturlandskapet og bygningsmiljøet på garden din? Det er stadig tilskotsmidlar å henta til å driva kulturlandskapsarbeid på gardsbruk i aktiv drift.

Forskrifta som omhandlar tilskot til kulturlandskapsarbeid har tema som stell av gamal kulturmark, bygningsvern, tilrettelegging for ferdsel og elles skjøtsel av kulturminne. Fristen for å søkja om slike midlar er rundt 5. mai kvart år.

Landbruksavdelinga i Kvam herad kan gje rettleiing ved utfylling av slike søknader. Vidare kjenner me til at Norsk landbruksrådjeving Hordaland utarbeider godt dokumenterte søknader for sine medlemer. I samband med slike søknader er fotodokumentasjon av tilstanden før ein set i gong noko arbeid svært viktig. I tillegg kan heradet hjelpa til med kartmateriale. 

Thea Helena Opheim
Sakshandsamar
E-post
Telefon 56 55 86 99