Handtering av bygg- og anleggsavfall

Material i gamle bygg kan innehalda stoff som er skadelege for miljø og helse. For å hindra spreiing av desse, stiller myndigheitene krav til handtering av byggeavfall.

Alle som skal bygga, riva eller rehabilitera bygg av ein viss storleik, skal laga ein plan for korleis avfallet skal handterast.

Avfallsplan og sluttrapport

Du må utarbeida ein avfallsplan før igangsetting når:

  • nybygget har bruksareal (BRA) på over 300 kvadratmeter
  • rehabilitering eller riving råkar del av bygg på over 100 kvadratmeter (BRA)
  • oppføring, endring eller riving av konstruksjonar og anlegg genererar over 10 tonn avfall

Avfallsplanen skal ikkje sendast inn for handsaming, men vera utarbeidd og tilgjengeleg for innsyn.

Etter at tiltaket er fullført, må du senda oss ein sluttrapport som dokumenterer kor mykje som er levert av dei ulike avfallstypane. I sluttrapporten skal du også føra opp dei planlagde mengdene frå avfallsplanen i ein eige kolonna. Send inn sluttrapporten saman med søknad om ferdigattest.

Saman med sluttrapporten skal du levera kopi av kvitteringar for avfallet som er levert.

Dette kan vera

  • kvitteringar frå avfallmottak
  • deklarasjonsskjema for farleg avfall
  • eigenerklæring for korleis avfallet er handtert og kor du planlegg å levera det. Om du til dømes har seld takstein eller treverk, eller ein malar eller elektrikar har teke med restar av maling eller EE-avfall for levering til sitt mottak

Blankett for sluttrapport med avfallsplan finn du hjå Direktoratet for byggkvalitet

Skildring av miljøsanering

Det er krav om skildring av miljøsanering ved endring eller riving av eksisterande bygg når:

  • arbeida råkar ein del av ein bygning på over 100 kvadratmeter BRA
  • oppføring, endring eller riving av konstruksjonar og anlegg genererar over 10 tonn avfall

Prosjektering og utføring av miljøsanering må vera ansvarsbelagt før kommunen kan gje løyve. 

Skildringa av miljøsaneringa skal utformast som ein egen rapport. Den skal som minimum gje opplysningane som er framgår i TEK17, § 9-7 3. ledd. Det gjeld følgande:

  • kven kartlegginga er utførd av
  • dato for kartlegginga
  • byggeår og tidlegare bruk, viss dette er kjend
  • resultat av representative materialprøvar og analysar
  • førekomsten og mengda av farleg avfall, delt inn i avfallstypar
  • plassering av farleg avfall i bygget, angitt med bilete eller teikning der det kan vere tvil
  • korleis farleg avfall gjennom merking, skilting eller andre tiltak er identifisert
  • korleis det farlege avfallet er planlagd fjerna
  • kor det farlege avfallet er planlagd levert
  • ein tabell over alle funn av farleg avfall

Lenker

Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Månd - fred  kl.0900-1500
Sommartid : kl.1000-1400  (gjeld vekene 25 - 33)