Vegvedlikehald

Kor skal du melde frå om feil?

  • Statlege og fylkeskommunale vegar: Ring Statens vegvesen si vegmeldingsteneste på telefon 175 
  • Kommunal veg: Ring Kvam herad på 56 55 34 00 eller send ein e-post til postmottak@kvam.kommune.no
  • Privat veg: Kontakt grunneigar. Dersom du ikkje veit kven grunneigar er, kontakt Kvam herad på telefon 56 55 34 00

Skjermbilete frå vegkart.no. Bokstavane KV syner at vegen er kommunal.Statens Vegvesen sine nettsider kan du sjølv sjekke kven som har ansvar for vegen. Trykk på det aktuelle vegstrekket og få info om vegen/vegreferansen:

  • FV er fylkesvegar
  • KV er kommunale vegar
  • PV er private vegar

På kommunale vegar (KV) har Kvam herad ansvaret for å vedlikehalde køyrebane, sideområde, skråningar og dreneringssystem.

Oppgåvene kan vere:

  • feiing og reinhald
  • fjerning av søppel
  • klypp av vegetasjon
  • rydding i kraftsoner
  • vegoppmerking og skilting
  • brøyting og strøing om vinteren

Omfanget av desse oppgåvene vert vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. Dersom vegtilstanden er slik at det oppstår skadar eller ulukker, gjeld dei alminnelege erstatningsreglane.