Flagging

  

Flagging i kommunal regi

Teknisk vakt i Kvam herad heiser på flaggdagar flagg på desse stadene:

  • Straumhaugen i Norheimsund
  • Rådhuset i Norheimsund
  • Parken i Øystese (mellom kyrkja og kaien)

Det vert ikkje flagga i Straumhaugen når det ikkje er brøyta tilkomst, og ikkje ved juletider, når grendalaget/kjøpmannslaget nyttar stanga til lysrekkjer.

Andre flaggstenger vert drifta av dei som er på bygga, og det kan variera på kva dagar det vert flagga.

Offisielle flaggdagar

I Noreg kan ein i utgangspunktet flagga kva dag ein vil, og det er vanleg å flagga i samband med til dømes konfirmasjon, bryllup, dåp og andre store markeringar.

I Forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget framgår elles dei offisielle flaggdagane i Noreg, og at statlege verksemder skal flagga på desse dagane, med statsflagget (med splitt og tunge). Verken kommunar eller privatpersonar er pålagt å flagga. I forskrifta framgår også tidspunkta for flagging: 

§ 6. Flagget heises i månedene mars til og med oktober kl. 0800, i månedene november til og med februar kl. 0900. Flagget hales ved solnedgang, dog ikke senere enn kl. 2100 hvis solen går ned etter denne tid.

Regelverk for kommunal flagging framgår elles av Lov om flagging på kommunenes offentlige bygninger.

Dei offisielle flaggdagane er:

  • 1. nyttårsdag
  • 21. januar: fødselsdagen til H.K.H. prinsesse Ingrid Alexandra
  • 6. februar: samefolkets dag
  • 21. februar: H.M. kong Harald Vs fødselsdag
  • 1. påskedag
  • 1. mai
  • Frigjerings- og veterandagen 8. mai
  • 17. mai
  • 1. pinsedag
  • Årsdagen for unionsoppløysinga i 1905, 7. juni
  • 4. juli: H.M. dronning Sonjas fødselsdag
  • 20. juli. H.KH. kronprins Haakon Magnus' fødselsdag
  • Olsok, 29. juli
  • 19. august: H.K.H. kronprinsesse Mette-Marits fødselsdag
  • 1. juledag
  • Dagen for stortingsval

Les meir