_________
Frist for å søkja SFO-plass frå skulestart i august er 1. mars.
Har eleven tildelt plass i SFO gjeld denne plassen ut 4.trinn, då treng du ikkje søkja. Dersom eleven skal slutta på SFO tidlegare må plassen seiast opp.
Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1-4 trinn, og for barn med spesielle behov i 1-7 trinn. Tilbodet på 5-7 trinn for barn med spesielle behov skal vere gratis.
Skulefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa, og skal derfor vera noko anna enn skule og barnehage. SFO skal vera ein trygg opphaldsstad for barna etter skuletid. På SFO skal barna få omsorg og tilsyn og det skal vera lagt til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar.
SFO-tilbodet skal fylgja nasjonal rammeplan for SFO og lokal plan for SFO.
Informasjon om ny forskrift om SFO
Kvam heradsstyre vedtok 19.06.25 ny lokal forskrift om SFO. Forskrifta gjeld frå 01.01.26 og har mellom anna fylgjande endringar:
- Søknadsfrist 1. februar
- SFO skal fylgja skuleruta og har tilbod 190 dagar kvart skuleår. Det vil sei at det vert tilbod om SFO haustferien 2025, men ikkje vinterferien 2026 då ny forskrift då har tredd i kraft.
- Det vert tilbod om to veker Ferie-SFO etter at skuleåret er slutt. Tilbodet krev påmelding og betaling i tillegg til ordinær SFO.
Endring frå 01.08.25
- Ordninga med samordna søskenmoderasjon mellom barnehage og SFO vert avvikla. Etter at samordninga vart innført er det kome betre statlege ordningar for både barnehage og SFO.
- Føresette må betala for kost. Pris frå 01.08.25 er 250,- per månad.
Endring frå 01.08.26
- Det vert ikkje servert mat på SFO. Barna må ha med seg niste.
Vil du vita meir?
Sjå Kvam herad sine retningliner for SFO (PDF, 215 kB)
Lenke til ny forskrift kjem her!
Ynskjer du plass til ditt barn i SFO?
Elevar på 1. 2. og 3. trinn rett til 12 timar gratis SFO per veke.
Skuleåret 2025/26 tilbyr Kvam herad fylgjande type plass:
- Heil plass, morgon og ettermiddag
- Ettermiddag-SFO
- Morgon-SFO
Tildeling av plass i SFO skjer etter søknad. Søknad om SFO plass føregår elektronisk, og søknadsskjemaet ligg her på heimesida til Kvam herad, samt på heimesidene til skulane.
I Kvam herad sitt digitale opptakssystem vil meldingar mellom Kvam herad og føresette føregå på e-post, som til dømes melding om motteken søknad og tilbod om plass. Sjekk at du skriv inn rett e-postadresse.
Til orientering når du skal søkja
Du treng ikkje å logga inn for å søkja plass, men du må ha e-post, mobilnummer og fødselsnummer eller ID-nummer.
Du må vera innlogga for å:
- endra / sletta søknad
- følgja saksgang på søknad
- svara på tilbod
Innlogging skjer med ID-porten (MinID, BankID, Buypass, Commfides).
Kvar skule kan gje nærare informasjon om SFO.