Redusert foreldrebetaling

Har du låg inntekt? Då kan du ha rett på redusert foreldrebetaling for SFO.

Inga hushaldning skal betala meir enn 6 prosent av inntekta si for ein SFO-plass. Reduksjonen vert rekna ut i høve timetal i SFO og med utgangspunkt i hushaldninga si samla inntekt.

Døme:

  • For SFO 20 timar per veke (både morgon og ettermiddag) er inntektsgrensa 550 000
  • For SFO 12,5 timar (ettermiddag) per veke er inntektsgrensa 343 750.
  • For SFO 7,5 timar per veke er inntektsgrensa 206 520.

For å finna ut om du fell inn under ordninga kan du ganga månadsprisen per born med 10 (månader). Dersom summen overstig 6 prosent av hushaldninga si samla inntekt har du rett på redusert foreldrebetaling. 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er normalt 1. august. For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. For søknader etter 1. august gjeld vedtaket frå fyrste heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret. 

Du kan søkja via digitalt søknadsskjema, som du loggar inn på med BankID. Dersom du ikkje har tilgang på BankID eller av andre årsaker føretrekk det kan du også nytta eit papirskjema, som kan lastast ned, skrivast ut og sendast per post. OBS: Redusert foreldrebetaling gjeld både for barnehageplass og for plass i SFO. Det er difor felles søknadsskjema og felles sakshandsaming for dei som har barn i barnehage og barn i 1. - 4. trinn i SFO.

Det må søkjast på nytt for kvart skuleår.

Har du spørsmål om ordninga? Ta kontakt med barnehagestyrar eller med rådgjevar for oppvekst Heidi Milje, telefon 56 55 30 79 eller epost heidi.milje@kvam.kommune.no