Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern handlar om alle miljøfaktorar – fysiske, biologiske, kjemiske og sosiale – som direkte eller indirekte kan påverke helsa til innbyggjarane.

Arbeidet er heimla i folkehelselova (kapittel 3 §§ 2, 8, 10, 26) og utdjupa i forskrift om miljøretta helsevern (kapittel 1–3).

Føremålet er å fremja god folkehelse, og sikra innbyggjarane mot helseskadelege miljøfaktorar.

Miljøretta helsevern omfattar private og offentlege verksemder, eigedomar og anlegg der miljøforhold kan påverke helsa – med unntak av bustader med berre innandørs forhold som ikkje påverkar omgjevnadene.

Miljø og helse i folkehelsearbeidet

Miljørettet folkehelsearbeid som ein del av folkehelsearbeidet tar utgangspunkt i positive og negative påvirkningsfaktorer i miljøet.

Kommunen skal etter folkehelselova § 4 fremja folkehelse, herunder miljøfaktorer, innen dei oppgaver og med dei verkemiddel kommunen har. Kommunen skal arbeida for å fremje folkehelse og bidra til å sikra befolkninga mot faktorar i miljøet som kan ha negativ innverknad på helsa, mellom anna ved å ivareta hensynet til helse og trivsel i planlegging etter plan- og bygningsloven, og godkjenning av verksemder etter andre lovverk.

Kommunalt tilsyn

Kommunen skal føra tilsyn med dei faktorar og tilhøve i miljøet som kan ha direkte eller indirekte innverknad på helsa. 

Innan fagområdet er det fleire forskrifter som stiller krav til verksemder. Kommunen skal føra tilsyn med at krav i desse forskriftene er oppfylde. Dette gjeld mellom anna:

  • Skular
  • Barnehagar
  • Frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holtakingsverksemder
  • Badeanlegg, bassengbad og badstove
  • Solarium

 

For fleire av desse verksemdene skal kommunen godkjenna verksemd og/eller lokale før oppstart. Andre er meldepliktige til kommunen ved oppstart. 

Kommunen skal føra tilsyn med verksemder etter ei risikovurdering. 

Søknadsskjema

Meldeskjema

Her kan du lesa meir om Miljøretta helsevern:

Terje Langeland
Helse- og omsorgssjef
Telefon 97 56 42 58

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.