Heimehjelp

For å hjelpa personar som ikkje greier seg sjølv i det daglege kan pleie og omsorgstenesta i Kvam herad gje tilbod om heimehjelp i eigen heim, trygdebustad eller i omsorgsbustad. Du må ha særskild behov for praktisk hjelp i heimen grunna sjukdom, funksjonsnedsetting eller alder.

Heimehjelpa går med ID-kort og uniform slik at du kjenner oss att.

Kva tilbyr me?

Du kan få hjelp til reinhald i heimen din.

  • golvvask og støvsuging av rom i dagleg bruk som stove, kjøken, soverom, bad og gang
  • vask av bad
  • oppvask og klevask
  • skifting av sengetøy

Det vanlege timetalet ved tildeling av heimehjelp er 1,5–2 timar kvar tredje veke. Tenesta vert vanlegvis ikkje ytt i helger, på høgtidsdagar eller dagar du er bortreist.

Kva kostar det?

Det er eigenbetaling for heimehjelp etter statlege og kommunale satsar. Du betalar eit abonnement, prisen vert rekna ut etter den samla nettoinntekta til husstanden. Du får tilsendt rekning kvar månad. Maksimal timepris for heimehjelp er sett til kr 421,- per 14.08.2023.

Praktisk bistand og opplæring til personleg stell og eigenomsorg er gratis.

Slik søkjer du

Søknadsskjema

Meir om søknaden her.

Kva fell utanfor tenesta?

Tenester som fell utanfor ansvaret til heradet er til dømes:

  • Storreingjering
  • Vask av vindauga
  • Hagearbeid
  • Snømoking og strøing
  • Rydjing og reingjering ute

Lover og reglar

Klage

For meir informasjon sjå her.