Ny reguleringsplan / reguleringsendring

Privatpersonar, tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheiter kan fremja forslag til reguleringsplan, men den skal utarbeidast av fagkyndige/plankonsulent, jamfør plan- og bygningslova § 12-3

Som hovudregel er det krav om reguleringsplan for større bygge- og anleggstiltak. Det er ein fordel om du orienterer deg i kommuneplanen sin arealdel med føresegner og retningslinjer, før du set i gang reguleringsplanarbeid.

Har du idear og ynskjer om utbygging, eller lurer på korleis du kan forhalda deg til kommuneplanenen og vedtekne reguleringsplanar? Ta kontakt med planavdelinga for rådføring.

Sjå også regjeringa sin informasjon om planlegging

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har utarbeidd ein forslagsbase for føresegner til reguleringsplan. Kommunen tilrår private og offentlege aktørar å nytte denne som ei rettleiing.