Trafikksikringsplan 2020-2023

Trafikksikringsplan for Kvam er rullert for perioden 2020-2023.

Ei prosjektgruppe med representantar frå Statens vegvesen, trafikkskule, transportnæring, Trygg Trafikk, politi, ungdomsråd, Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre og Kvam herad har stått for rulleringsprosessen. Innspel til planen kom frå mange ulike sektorar som grendeutval, transportsektor, skular og barnehagar, trafikkskule. Statens vegvesen, fylkeskommune og enkelt-personar.

Formål med planen:

  • gje ei heilskapleg oversikt over trafikksikringsforholda i Kvam.
  • leggja grunnlag for tiltak i perioden 2020-2023 som i sum skal bidra til reduksjon av ulukker med skadde på vegane i kommunen. Slike tiltak skal inkludera både fysiske og ikkje-fysiske tiltak.
  • vera eit grunnlag for prioritering av trafikksikringmidlar innanfor dei rammer som vert tilgjengelege.

Planen kan lastast ned (PDF, 3 MB) eller lesast under (dersom nettlesaren din stør framsyning av PDF).