Skjenkeløyver

I Kvam finst det to typer skjenkeløyver: løyve for faste skjenkeplassar som til dømes pub, restaurant, kafe, og løyver for einskilde høve (t.d. ein dans). 

Om du skal arrangere ein dans, pub, bryllaup eller jubileum o.l. med sal av alkohol i eit ungdomshus eller anna offentleg lokale, søkjer du om skjenkeløyve for eit einskild høve. Dette løyvet gjeld berre for eit arrangement og er avgrensa i tid. Det er litt mindre krav til eit einskildløyve enn ved faste løyver.

Skal du opna ein serveringsplass som t.d. ein pub, og ynskjer å ha eit fast løyve som gjeld for ein lengre periode, skal du søkje om fast skjenkeløyve. 

Ambulerande løyve vert ikkje gjeve i Kvam. Dette er eit løyve som har strenge reglar knytt til lukka lag, som ofte kan vera vanskeleg å følge slik lova set krav om. Difor har Kvam valgt å legge inn eit nivå i søknad om einskildhøve som skal dekka behovet for ambulerande løyve. 

Nils Anders Bolstad
Kontrollør
E-post
Telefon 99 52 51 20
Mobil 99 52 51 20