Skjenkeløyve for faste skjenkeplasser

All servering av alkohol mot betaling/ vederlag krev skjenkeløyve. Det kan søkjast om skjenkeløyve for øl, vin og brennevin.

Skjenkeløyve gjeld normalt for gjeldande kommunestyreperiode. 

Skjenkeløyve vert gjeve til den som er økonomisk ansvarleg for verksemda. Løyvehavar kan vere ein fysisk person eller eit ansvarleg selskap, eit aksjeselskap eller ein samanslutning.

For kvart løyve skal det vere ein styrar og ein stedfordreder som må godkjennast av kommunen. Styrar og stedfortreder må vere tilsett på skjenkestaden eller arbeide i verksemda i kraft som eigar. Styrar og stedfortredar må dokumentere bestått kunnskapsprøve om alkohollova. Kunnskapsprøva kan takast på rådhuset i Norheimsund. 

Den som vil ha skjenkeløyve må også ha serveringsløyve.

Nils Anders Bolstad
Kontrollør
E-post
Telefon 99 52 51 20
Mobil 99 52 51 20