Skjenking for einskilde høve

Om du skal arrangere eit arrangement for eit einskild høve, og vil skjenka alkohol, vil du i dei fleste tilfella måtte søkja om eit skjenkeløyve. Det er berre i særskillde tilfelle som til dømes eit bryllaup eller jubileum at du kan skjenka utan å søkja om løyve. Skal du skjenka alkohol mot nokon form for betaling, må du søkja om løyve. 

Søknad må vera sendt inn 14 dagar før arrangementet.

Reglar for einskilde høve i Kvam

  1. Det kan tildelast skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 for einskilde høve i forsamlingslokale med eventuelt uteområde. For skjenking på uteområde gjeld same krav som i § 4-b. Det vert ikkje gjeve skjenkeløyve for idrettsarrangement.
  2. Det vert sett som villkår at skjenkestyrar og stedfortredar, og minst 1/3 av dei øvrige vaktar/ mannskap må ha gjennomførd skjenkekurs i regi av heradet, eller ha gjennomførd kunnskapsprøve for skjenking av alkohol.
  3. For å få løyve til einskildhøve må det vere minimum 18 år aldersgrense til skjenkelokalet. Det kan søkjast om dispensasjon ved særskild spesielle arrangement der det vil vere naturleg å gje adgang til ungdom under 18 år. Dette kan t.d. vere konsertar, revy eller andre kulturelle arrangement.
  4. Brot på villkåra sett i løyvevedtaket og alkohollova kan medføra karantene for både huseigar og arrangør.

Krav til vaktar og mannskap*

Type arrangement

Krav

Lukka lag/ medlemsfest/ kulturarrangement i regi av etablert kulturinstitusjon (t.d. Kabuso, Galleri Puls, fartøyvernsenteret, museum

Minimum 2 stk med kurs/ kunnskapsprøve

Arrangement med inntil 50 gjestar

Minimum 4 stk, kor av 2 stk med kurs/ kunnskapsprøve

Arrangement med mellom 51 og 100 gjestar

Minimum 6 stk, kor av 2 med kurs/ kunnskapsprøve

Andre arrangement enn dans med meir enn 100 gjestar**

Minimum 9 stk, kor av 3 med kurs/ kunnskapsprøve

Dans med 100 til 250 gjestar

Minimum 12 stk, kor av 4 med kurs/ Kunnskapsprøve

Dans med meir enn 250 gjestar

Minimum 20 stk, kor av 6 med kurs/ kunnskapsprøve

*Vaktar og mannskap betyr dei som er direkte involvert i skjenkinga, t.d. dei som står i baren eller ryddar i lokalet, og reine vaktar.

** Døme på andre arrangement enn dans er konsert med sitteplasser, teater, revy o.a. 

OBS! Alle arrangement må meldast til politiet som kan sette andre krav til vakthald i hht lokale politiforskriftar. 

Artikkelliste

Nils Anders Bolstad
Kontrollør
E-post
Telefon 99 52 51 20
Mobil 99 52 51 20