Arealstrategiar

Kvam herad sine arealstrategiar, vedtekne 19. mars 2014, kan lastast ned (PDF, 64 kB), eller lesast nedanfor.

Arealstrategiane skal fungera som ei viktig rettesnor for all planlegging og arealforvaltning i Kvam herad. Dei inngår i kommuneplanen sin samfunnsdel, vedteken i 2015.

Senterstruktur – Kommune- og regionsenter Norheimsund

1. Offentleg og privat tenesteyting samt detaljhandel skal lokaliserast i sentrum eller innanfor 10-minutt gåavstand frå sentrum. Bustadbygging i same område skal ha høg arealutnytting.

2. Einebustader kan berre byggast utanfor sentrum og utanfor området definert som 10-minutt gåavstand. Dei områda som ligg innanfor 20-minutt sykkelavstand frå sentrum vert rekna som særleg gode område for bustadbygging. Innafor området skal det byggjast vidare på eksisterande infrastruktur, på noverande gang- og sykkelvegsystem og etablerte bustadområde.

3. Ålmenta skal sikrast tilgang til strandsonen og større samanhengande grøntområde når reguleringsplanar vert utarbeidd.

Senterstruktur –Lokalsenter Øystese

4. Offentleg og privat tenesteyting samt detaljhandel skal lokaliserast i sentrum eller innanfor 10-minutt gåavstand frå sentrum. Bustadbygging i same område skal ha høg arealutnytting.

5. Einebustader kan berre byggast utanfor sentrum og utanfor området definert som 10 minutt gåavstand. Dei områda som ligg innanfor 20 minutt sykkelavstand frå sentrum vert rekna som særleg gode område for bustadbygging. Innafor området skal det byggjast vidare på eksisterande infrastruktur, på noverande gang- og sykkelvegsystem og etablerte bustadområde.

6. Ålmenta skal sikrast tilgang til strandsonen og større samanhengande grøntområde når reguleringsplanar vert utarbeidd.

Senterstruktur –Lokalsenter Strandebarm/Tangerås og Ålvik

7. Lokalsenter er område med funksjonar knytt til daglege gjeremål, både private og offentlege.

8. Utbygging skal konsentrerast innanfor 10-minutt gåavstand frå sentrum. I lokalsenter kan det vere både einebustader og tett utnytting.

9. Lokalsentra må bygge vidare på eksisterande infrastruktur for veg, VA, gang- og sykkelveg. Utbygging skal skje som utviding av eksisterande bustadområde.

Senterstruktur –Nærsenter Tørvikbygd

10. Nærsenter er område med funksjonar knytt til daglege gjeremål, både private og offentlege.

11. Utbygging skal konsentrerast innanfor 10-minutt gåavstand frå sentrum. I lokalsenter kan det vere både einebustader og tett utnytting.

12. Lokalsentra må bygge vidare på eksisterande infrastruktur for veg, VA, gang- og sykkelveg. Utbygging skal skje som utviding av eksisterande bustadområde.

Utnytting av LNF-område

13. Jordvernet skal stå særskilt sterkt i lnf-l område

14. Det skal opnast opp for nye stadbundne næringar knytt til garden sitt ressursgrunnlag, som gardsturisme, opplevingar og utvikling av utmarksnæringar.

15. I område som ikkje er omfatta av regulerte bustadfelt skal det leggjast til rette for spreidd bustadbygging langs med eksisterande infrastruktur og busetnad

16. Eksisterande busetnad i LNF-område skal visa som spreidd busetnad med føresegner som gjer det lettare med påbygg, tilbygg med meir i desse områda

Industri og næringsareal

17. Nye næringsareal til industri og anlegg med meir, skal leggjast til eksisterande næringsområde i utkanten av sentrum.

18. Plasskrevjande næringar skal lokaliserast i utkanten av sentrum og langs med Fv -7 eller Fv 49 eller Fv 48 19. Detaljhandel skal liggje i sentrum

Funksjonell strandsone

20. Område som er knytt saman med gang- og sykkelveg mellom Vikøy og Laupsa, skal utviklast til attraktive bu-og rekreasjonsområde langs med sjøen.

21. I den funksjonelle strandsonen skal fortetting skje i noverande bebygde område

22. I den funksjonelle strandsonen skal område som er egna til rekreasjon og friluftsliv sikrast mot utbygging

Område for akvakultur

23. Eksisterande lokalitetar skal gjevast moglegheit til å flytta frå område ved land, og ut i open fjord.

24. Nyetablering av lokalitetar skal skje i meir open fjord

25. Eksisterande område for akvakultur som ikkje er i bruk, skal takast ut av planen.

Gjennomgang av gamle reguleringsplanar

26. Utnyttingsgraden i eldre reguleringsplanar skal endrast i overordna kommuneplan, så langt som det let seg gjera utan å gå vegen om reguleringsendring

Veg til Tolomarka

27. Veg til Tolomarka må ha tilstrekkeleg standard for å ivareta trygg tilkomst til eksisterande bustader, med meir og framtidig utvikling, vegen skal ha høg kost/nytteeffekt

Hardangertunnelen

28. Tunneltraséen skal visast i kommuneplanen sin arealdel

Massedeponi

29. Overskotsmassar frå utbyggingsprosjekt skal nyttast til samfunnsnyttige tiltak

30. Matjord skal takast vare på.