Konsesjon

Konsesjonslova av 31.mai 1974 bestemmer at all overtaking av fast eigedom, m.a ved arv, gåve, kjøp og stifting av bruksrett for lengre tid enn 10 år, er konsesjonspliktig.

Som hovudregel kan du overta ein eigedom som ikkje er større enn 100 dekar og ikkje har meir enn 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord.

Konsesjon må søkjast på fastsett skjema. Ei konsesjonspliktig overtaking kan ikkje tinglysast før konsesjon er gjeve. Skjemaet finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider

Skøyte, kjøpekontrakt, leigekontrakt eller anna avtale samt takst skal leggast ved søknaden i den grad slike dokument ligg føre. 

Søknaden vert handsama av kommunen etter innbetalt gebyr. I kurante saker har landbrukssjefen avgjerdsmynde. Andre saker vert handsama av forvaltningsstyret.

Ved innvilga konsesjonsvedtak fører kommunen konsesjonsvedtaket i matrikkelen. Kjøpar mottek melding frå kommunen om at søknaden er godkjent og konsesjonsvedtaket er ført i matrikkelen. Kjøpar kan deretter sende skøyte til Kartverket Tinglysingen for tinglysing. Dersom kjøpar sender inn skøyte til Kartverket utan at kommunen har registrert konsesjonsvedtaket i matrikkelen, vil skøyte bli avvist eller nekta tinglyst.

Dokumentet / skøytet som skal tinglysast skal sendast til Kartverket Tinglysning, Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss.

På landbruksdirektoratet.no finn du også informasjon om eigenerklæring ved konsesjonsfri overtaking av eigedom.