Samfunn og utvikling

Kulturminne

Kulturminne er ein avgrensa ressurs som ikkje kan erstattast dersom dei vert borte.  Dette gjeld for dei automatisk freda kulturminna og kulturminne av nyare dato som ikkje er freda, men som likevel er ein viktig del av vår nære historie.  Kulturminneplanen i Kvam gjev ei god oversikt over kulturminna i kommunen og er eit godt verktøy for  forvaltninga av desse. 

Rekreasjon i tettstad

Kommunen har ansvaret for grøntanlegg som i hovudsak handlar om å vedlikehalda omlag 60 kommunale ute- og friområde.  Mykje av arbeidet vert gjort i nært samarbeid med Bergen og omland friluftsråd.  Dei mest sentrale områda i Øystese og Norheimsund er det stort sett kommunen som har ansvaret.  Forvaltning av dei mindre sentrale områda, er ofte eit samarbeid i mellom kommunen, Bergen og omland friluftsråde og grendeutvala.

Naturforvaltning og friluftsliv

Kvam herad kjøper tenester om viltfortvaltning i frå Ullensvang.  Kvam herad forvaltar store delar av sine friluftsområde igjennom medlemsskapet i Bergen og omegn friluftsråd, nokre friluftsområde vert og  forvalta av kommunen sjølv, medan andre område vert forvalta via samarbeid i mellom Kvam herad, Bergen og omland friluftsråd og lokale grendalag/grendautval.