Folkehelseoversikt

Folkehelseloven §5 pålegg kommunen å utarbeide ein folkehelseoversikt.

Dokumentet skal vera skriftleg og skal skildra helsetilstanden i kommunen samt dei positive og negative faktorane som kan verke inn på helsa. Oversikten skal og innehalda ei vurdering av årsaker og konsekvensar. Oversikten skal særleg fokusera på trekk ved utviklinga som kan skapa eller oppretthalda helseutfordringar eller sosiale helseforskjellar.

I forskrifta til folkehelselova vert det lovfesta kommunale ansvaret presisert.

Forskrifta pålegg kommunen å utreda følgjande område i sin folkehelseoversikt:

  • Befolkningssamansetting
  • Oppvekst og levekår
  • Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø
  • Skader og ulukker
  • Levevanar
  • Helsetilstand

I Folkehelseoversikta for Kvam er det samanlikna korleis kvemmingane kjem ut samanlikna med fylket og landet for ein rekke faktorar med betydning for folkehelsa.

Du kan lasta den ned her: Folkehelseoversikt for Kvam_2021-2023 (PDF, 3 MB)

Folkehelseprofilar

Folkehelseinstituttet utarbeidar kvart år ein folkehelseprofil for alle kommunar og fylker i landet. Profilen visar nokre utvalde trekk ved folkehelsa i den enkelte kommune.

Folkehelseprofilen er utarbeid sentralt og visar statistikk for utvalde faktorar som har med folkehelse å gjera. Den seier dermed ikkje noko om årsaker og konsekvensar, ei heller noko om lokale tilhøve. Samtidig er den god på den måten at ein raskt kan samanlikne tala frå Kvam med gjennomsnittet for fylket og for landet elles. Nokre tema i profilen går att frå år til år, medan andre er nye.

Her kan du finna folkehelseprofilen for Kvam: Folkehelseprofilar

Reidun Braut Kjosås
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 91 73 75 15