Influensa kan mellom anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverring av mange kroniske sjukdommar. Alvorleg influensasjukdom kan føre til varig svekka helse og auka hjelpebehov, og gjennomsnittleg døyr 900 personar årleg.
Vaksinasjon vernar mot alvorleg influensa.
Influensa i svangerskapet gir noko auka risiko for dødfødsel. Gravide er òg meir utsette for følgjesjukdommar, som til dømes lungebetennelse, enn andre friske kvinner. Influensa hos spedbarn kan vere alvorleg. Vaksinasjon av mor under graviditeten vernar mor under svangerskapet og gir barnet vern mot influensa den første tida etter fødselen.
Influensavaksine bør takast årleg fordi influensavirus endrar seg heile tida og vaksina blir tilpassa desse endringane kvart år. Effekten av influensavaksinen varierer frå år til år, men ligg i gjennomsnitt på om lag 60 prosent. Det vil seie at om lag 60 prosent av dei vaksinerte er verna mot influensasjukdom. Effekten av vaksina minkar òg over tid.