På helsenoreg.no kan du sjå kva fastlegar som har plass til fleire pasientar. Du kan velja fastlege eller byta fastlege på denne nettstaden. Du kan og ringja telefon 800 43 573 for spørsmål om fastlegeordninga.
Helsenoreg.no
Legekontor i Kvam
Det er tre offentlege og eitt privat legekontor i Kvam.
Fastlege i annan kommune eller på venteliste
Fastlegane i Kvam har ansvar for dei pasientane som står på lista til den enkelte fastlege.
I tillegg har fastlegane ansvaret for øyeblikkeleg-hjelp på kvardagar i tidsrommet kl. 08.00–16.00.
Dersom du har fastlege ein annan stad enn i Kvam, er det denne fastlegen du skal ta kontakt med om du har behov for legetenester.
Kvam herad rår deg til å setja deg på venteliste til ein av legane på det legekontoret du ynskjer å nytta.
- vel gjerne ein lege med kort venteliste
- når du har fått fastlege kan du eventuelt setja deg på ventelista for å byta fastlege
Kva gjer du medan du ventar på fastlege i Kvam?
Omgåande hjelp går til Kvam legevakt òg daglegevakt ved kontora.
Akutt hjelp
Telefon: 116 117
Adresse
Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund.
Opningstider
Kvardagar: 16.00–23.00 og helg/høgtid 08.00–23.00
Ved akutt, livstruande skade eller sjukdom ring 113