Kvam viltfond

Ved endring av viltlova 30. juni 2000 vart meir av viltforvaltningsoppgåvene overført frå Direktoratet for naturforvaltning og Fylkesmannen til kommunenivå. Kommunen sitt ansvar vart då styrka, mellom anna ved:

  • Etablering av kommunalt viltfond til fremjing av den lokale viltforvaltninga.
  • Fastsetjing av fellesavgift på hjort (§ 40) som inngår i kommunalt viltfond (§ 43)

Kvam herad disponerer Kvam viltfond som skal brukast til viltrelatert arbeid i kommunen. 

Fondet kan brukast til:

  • Tiltak for å fremja viltforvaltning, styrka kunnskapen om viltet, jaktorganisering og liknande i heradet og i naboherad gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar.
  • Tiltak for å førebyggja skade på landbruksnæring som skuldast hjortevilt.

Tildeling av midlar frå fondet

Det kan tildelast midlar frå viltfondet til lag, organisasjonar, verksemder og einskildpersonar.

Krav til søknad

Søknad om støtte frå fondet må fremjast digitalt før tiltaket vert sett i verk.

Søknaden skal innehalda (miniumskrav)

  • Kva tiltaket går ut på, søkjaren si utgreiing og vurdering av tiltaket.
  • Opplysningar om søkjar.
  • Investerings- og finansieringsplan.
  • Framdriftsplan.
  • Kven som er deltakarar og skal utføra tiltaket.

Utbetaling

  • 50% av tilsagnet kan utbetalast ved oppstart før fullstendig investering er gjort.
  • Delutbetaling kan skje mot dokumentasjon på gjennomføring med 90 % av tilsagnsummen. Fondsstyret kan gjera vedtak om eingongsutbetaling.
  • Frist for gjennomføring av tiltaket er normalt 2 år (tilsagnsåret + to heile kalenderår).
  • Administrasjonen får fullmakt til å godkjenna 1 år utsetjing av frist for gjennomføring av tiltaket, etter søknad.
  • Dersom det oppstår tilhøve som er strid med føresetnadane for støtta, kan Kvam herad avgjera at tilskot skal betalast tilbake til fondet heilt eller delvis.
  • Krav om tilbakebetaling av tilskot kan ikkje setjast fram seinare enn 5 år etter utbetaling.

Før tilskot kan utbetalast, må fylgjande føresetnadar vera oppfylde:

  • Tiltaket må vera fullfinansiert.
  • Rapport og revidert rekneskap skal vera godkjend av Kvam herad.
  • Krav som vert stilt i gjeldande lover, forskrifter og standardar skal vera oppfylde og naudsynte godkjenningar må liggja føre.
Jan Tjosås
Leiar næring
E-post
Telefon 92 01 89 12
Mobil 92 01 89 12