PPT

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) gjev barn og foreldre råd og rettleiing om utvikling, opplæring, trivsel, tilpassing og tilrettelegging på skulen. 

PPT gjev råd, kartlegg elevar og er sakkunnig instans i spørsmål om barn sine behov for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning (0 -16 år). PPT er også sakkunnig for vaksne med behov for spesialundervisning på området grunnskule. 

Korleis få hjelp frå PPT?

Om de som foreldre eller du som elev treng hjelp frå PPT, kan de ta direkte kontakt med oss på PPT (tlf. nr. til ekspedisjonen: 56 55 30 50) eller gjennom skulen. Det er ynskjeleg at de tek kontakt med skulen først, men dette er ikkje eit krav.

For skule

PPT kan gje råd og rettleiing til skulane om elevar som ikke er tilvist til oss, etter at føresette har samtykka til det. Skule kan også be om rettleiing anonymt i støtteteam. 

Skulane kan ta direkte kontakt med PPT for rettleiing, førespurnad om kurs og systemarbeid, eller i enkeltsaker om de har fått samtykke til det.

Om ein elev treng kartlegging eller sakkunnig vurdering, må eleven tilvisast til PPT på eige tilvisingsskjema. Pedagogisk rapport skal alltid fyllast ut og leggjast ved tilvisingsskjema. 

Skjema i Word-format:

Skjema i PDF-format:

Tilvising til PPT, systemarbeid:

PPT i Kvam herad har eige organisasjonsnummer: 975319091.