Hjelpemidlar

Kvam hjelpemiddellager låner ut tekniske hjelpemidlar til personar med midlertidige behov. Dette er eit tilbod til personar som bur i eller oppheld seg i Kvam og som etter ei fagleg vurdering treng hjelpemidlar for å klare seg i kvardagen. Kvam hjelpemiddellager ligg på Toloheimen i Norheimsund.

 

Kva tilbyr me?

  • Formidling av kommunale hjelpemidlar som legg til rette for at du kan fungera på eit så høgt fysisk funksjonsnivå som råd 
  • Statlege hjelpemidlar: Me leverer ut hjelpemidlar til varig utlån for dei som har vedtak frå Hjelpemiddelsentralen i Hordaland
  • Utkøyring, tilbakelevering, montering, enkle reparasjonar og vedlikehald av tekniske hjelpemidlar
  • Henting og tilbakelevering av mindre tekniske hjelpemiddel kan skje i ekspedisjonstida eller etter avtale.

Kva kostar det?

Lån av hjelpemidlar er gratis.

Slik søkjer du

Kontakt direkte Kvam hjelpemiddellager eller via kontakt med fysioterapeut, ergoterapeut eller heimetenesta i den sona der du bur. Du får hjelpemidlar så snart dei kan skaffast. Akutt behov vert prioritert.

Hjelpemiddellageret har arbeidstid 07:30 - 15:00 på kvardagar tlf. 469 54 753

Lover og reglar

Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med leiar ved Kvam rehabiliterings- og behandlingsavdeling.

Klage

For meir informasjon sjå her.

Kvam hjelpemiddellager
E-post
Telefon 46 95 47 53

Adresse: Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund.
Opningstid: 07:30 - 15:00 på kvardagar.

Ergoterapeut Frode Espeland
Epost: froesp@kvam.kommune.no
Telefon: 977 30 618

Servicemedarbeidar Arvid Aasprang
Epost: arvaas@kvam.kommune.no
Telefon: 919 10 863