Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk sosialhjelp frå NAV skal sikra deg midlertidige inntekter til eit forsvarleg livsopphald. På nettsidene til NAV finn du meir informasjon om kva hjelp du kan få. 

I Kvam herad kan du søkja om sosialhjelp digitalt. Denne løysinga gjer at du kan søkja heimefrå, via PC, mobil eller nettbrett, og uavhengig av NAV sine opningstider. For å søkja hjelp digitalt må du logga deg inn på nav.no (knapp oppe til høgre), ved hjelp av BankID eller tryggleiksløysingar som Buypass eller Commfides. 

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringja NAV Kontaktsenter på tlf. 55 55 33 33 og få rettleiing over telefonen. Du kan også få hjelp på NAV-kontoret i opningstida.

Vil du søkja på papir?

Dersom du av ulike årsaker ikkje kan eller ynskjer å nytta deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du framleis møta opp på NAV-kontoret eller nytta deg av papirsøknad.