Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Brann- og redningsvesenet skal sørga for tilsyn med fyringsanlegg i heilårs- og fritidsbustader i Kvam herad etter forskrift om brannførebygging.

Når det er behov vert det også utført feiing av pipa.

Bilete av bilane som brannførebyggjarane nyttar. Bilane er utstyrt som utrykkingskjøretøy for å kunne vera ein del av totalberedskapen i heradet. Dei er også innreia med utstyr for å kunne utføra feiing og tilsyn. Foto: Kvam brann og redning

Kvifor skal det utførast tilsyn av fyringsanlegget?

Føremålet med tilsynet er å hindra brann i piper som i verste fall kan utvikla seg til brann i bygget. Brann i pipa oppstår ofte ved at sot set seg på innsida av pipa og denne byrjar å brenna.

Årsaka til at sot set seg i pipa er i all hovudsak at det blir fyrt med fuktig ved og det er lite trekk som igjen skapar røyk. Denne røyken vert danna om til tjære, såkalla beksot eller laussot, som set seg på innsida av pipa og blir brennbar.

Av den grunn er målet med tilsyn frå brannførebyggjar at ein informerer om riktig fyringsteknikk, og dermed unngår eller begrensar at det set seg sot på innsida av pipa. I tillegg utfører brannførebyggjaren tilsyn av fyringsanlegget. Ved tilsynet vurderer brannførebyggjaren om det er behov for feiing. Dersom det er behov blir det avtalt tidspunkt med huseigar for feiing.

Kvifor vert det ikkje automatisk utført feiing av pipa kvart år?

Tidlegare vart feiing og tilsyn utført med faste intervall. Etter forskrift om brannførebygging skal feiing og tilsyn no utførast ved behov. Det betyr at ein arbeider risikobasert der bustader som har høgare risiko for pipebrann får oftare besøk enn dei med låg risiko. Risikoen vert vurdert av brannførebyggjaren som er på tilsyn. Faktorar som type skorstein, mengde sot ved førre feiing, bebuar og fleire andre faktorar spelar inn. Det betyr at nokre bustader må feiast kvart år, mens andre kan det gå fleire år mellom kvar gong.

Det er brannførebyggjarane våre som utfører tilsyn av fyringsanlegg. Ved tilsynet vert det vurdert om det er behov for feiing. Om feiinga vert utført samstundes, eller på eit seinare tidspunkt, vert vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Kva kan du gjera for å begrensa mengde sot i pipa?

Tips til riktig fyringsteknikk

  • Bruk tørr ved når du fyrer opp i omnen. Fyrer du med fuktig ved kan det danne seg sot på innsida av pipa, som igjen kan utvikle seg til brann. Fuktigheita på veda bør ikkje vera meir enn 20 %.
  • Ikkje fyll omnen for full med ved.
  • Sørg for god utlufting og ventilering. Ha trekkventilane opne når du fyrer opp.
  • Sjekk at skorstein og eldstad er i god stand. Sjå spesielt etter sprekker og andre teikn på at noko er øydelagd.
  • Bruk aldri bensin, tennvæske eller andre brennbare væsker i ovnen.
  • Ikkje la det brenne i omnen når du ikkje er heime.

Korleis vert tilsyn varsla?

Brannførebyggjarane sender ut varsel til den som er registrert som eigar av eigedomen. Varselet vert sendt ut på SMS og Digipost. Fyrste SMS frå Kvam herad vil vera frå eit langt nummer med ulike siffer. Årsaka til dette er at SMSen vert sendt ut frå eit fagsystem som gjer arbeidskvardagen til brannførebyggjarane enklare og meir effektiv. I varselet står det beskrive om det er tilsyn og/eller feiing, og dato. Det er vanskeleg for brannførebyggjaren å setja tidspunkt i varselet ettersom ein ikkje veit kor lang tid ein brukar på eit tilsyn eller ei feiing. Ved spørsmål til tidspunkt eller andre ting tek ein kontakt på oppgitt telefonnummer i varslinga. Husk at for å få kontakt med brannførebyggjaren må ein ringe i oppgitt tidsrom som er måndag til fredag klokka 08.00 - 08.30. Ein kan også nytta lenkja som ligg i tilsendt SMS for å få informasjon.

Normalt sett vert varselet sendt ut i god tid før besøket.

Alternativt kan ein logge seg inn på Min Kommune. Nede på sida finn ein ei lenkje som heiter "Se eiendommer", og deretter kan ein scrolle nedst på sida der ein får opp informasjon om "ser du etter andre tjenester?". Her går ein inn på lenkja som heiter MinEigedom der det ligg informasjon om feiing og tilsyn for aktuell eigedom, samt anna kommunal informasjon om eigedomen.

Kva skjer ved tilsyn?

Under tilsyn vil brannførebyggjaren føre tilsyn med fyringsanlegget, og sjå at det er i forskriftsmessig stand. Dersom den ikkje er det vil huseigar få tilbakemelding med informasjon om kva som er feil. Det er alltid eigar sitt ansvar for at fyringsanlegget virkar som tenkt. Dersom det vert oppdaga feil eller manglar med fyringsanlegget som vesentleg aukar risikoen for brann skal anlegget stengjast for bruk fram til feilen er utbetra. Dette står beskrive i forskrift om brannførebygging § 6.

Under tilsynet vil brannførebyggjaren også koma med tips og råd om riktig fyringsteknikk for å begrensa mengda med sot i pipa som aukar risikoen for brann. Brannførebyggjaren vil også informera om korleis ein best mogleg kan ivareta branntryggleiken i bygget ved å mellom anna ha tilstrekkeleg med brannvarsling og sløkkjeutstyr. Dette er ikkje ein del av tilsynet, men eit tilbod til huseigar. Dette vil brannførebyggjaren informera om.

Når tilsynet er slutt vil brannførebyggjaren vurdere tid for neste tilsyn basert på ein del risikofaktorar som nemnt i artikkelen over. I tillegg tar ein vurdering av behovet for feiing av pipa.

Kva må du gjera før feiing?

Dersom du har fått varsel om feiing er det huseigar sitt ansvar å sørge for at brannførebyggjaren har trygg tilgang til skorsteinen. Brannførebyggjaren skal kunne utføre arbeidet utan at det er fare for liv og helse, eller påfører skade på eigedomen.

Feiing skjer på den mest forsvarlege og hensiktsmessige måten. Dette skjer anten gjennom feierluke eller frå tak.

Slik klargjer du stigen ved feiing frå tak:

  • Før feiing har huseigar ansvar for å sørge for at stigen er satt opp og sikra i toppen. Dette kan du gjera ved å montera stigesikring / sklisikring på taket. På denne måten vil du som huseigar vera trygg på at stigen er sikra mot utgliding, velting og / eller at takrenne blir utsett for skade.
  • Stigen skal stå oppstilt og stødig før brannførebyggjaren tar den i bruk. Den skal kvila på eit stabilt, bæredyktig og fast underlag slik at trinna er rette. Toppen av stigen skal vera minst 1 meter over takutstikket på huset.
  • Stigen skal kun nyttast til å koma seg opp på taket. Det er ikkje tillatt å nytta seg av frittståande stigar som er høgare enn 6 meter.

Slik sørger du for sikker tilgang til taket:

Tilgang til taket skal alltid skje på den mest forsvarlege måten. Overgangen frå stige til takstige/taktrinn er ein av dei største farane brannførebyggjaren utset seg for, inkludert utgliding og velting med stigen og fall frå tak. Dersom det krevst feiing frå tak blir det stilt krav til tiltak som skal vera på plass før feiing blir utført.

  • Huseigar må sørga for at det er montert ein standardisert stige eller tilsvarande sikring dersom taket har ei helling og høgde som utgjer fare for høge fall. Kun dokumentert utstyr (takstige/taktrinn) skal nyttast og monteringsanvisninga til produktet skal fylgjast.
  • Takstige/taktrinn skal vera fastmontert i bærande takkonstruksjon. Denne skal monterast slik at den går heilt opp til skorsteinen og at ein kan stå på den mens ein feiar.
  • Dersom skorsteinen er 1,2 meter over taket eller høgare skal det monterast ei feieplattform eller feiarluke på taket. Arbeidsplattformen rundt skorsteinen skal vera tilpassa skorsteinens høgde.
  • Det skal vera stige og takstige opp til kvar skorstein. Dersom bygget har fleire skorsteinar, skal huseigar sørga for at det er sikker tilgang mellom skorsteinane i form av gangbru eller tilsvarande.

Disse stigane er ikkje godkjent:

  • Lause takstigar med bøyle eller krok
  • Rustne eller eldre taktrinn/takstige
  • Takstige som er festa i skorsteinen
  • Trestigar
  • Stigetrinn montert på sjølve taksteinen

Gebyr

Gebyret for tilsyn med fyringsanlegg vert bestemt av heradsstyret i Kvam herad. I tillegg er det politisk bestemt at feiing skal utførast etter fastsatt timepris. Det betyr at tilsynet vert dekka av årleg kommunale gebyr mens utføring av feiing vert fakturert ekstra. 

Forskrift om gebyr for tilsyn og feiing av fyringsanlegg i Kvam herad kan ein lesa her .

Oversikt per 2024:

  • 480 kroner for bustad/hytte/fritidsbustad med 1 pipe
  • 240 kroner for kvar ekstra pipe
  • 490 kroner i timen for feiing, med ei minstetid på 1 time

Det er ikkje meirverdiavgift på gebyr for feiing og tilsyn.

Kontakt

Dersom du har fått varsel om tilsyn og/eller feiing, og har spørsmål knytt til tidspunkt eller andre praktiske spørsmål, tek du kontakt på det telefonnummeret som står oppgitt i varselet.

Har du andre spørsmål, ta kontakt med sentralbordet til Kvam herad på telefon 56 55 30 00.