Fyr riktig

Riktig vedfyring reduserer fara for brann, bruken av ved og utslepp. Tørr ved og riktig fyring gjev lite sot, og er mest miljøvenleg.

Fyringstips

  • Bruk tørr ved! Maks. 20 prosent vassinnhald.
  • Bruk mindre vedkubar, det gjev høgare temperatur og meir fullstendig forbrenning.
  • Følg brukarrettleiinga til omnen for riktig vedmengde og tilførsel av forbrenningsluft (trekk)
  • Nytt deg gjerne av opptenningsbrikettar. Då får du raskare fyr, og det vert mindre sot.
  • Bruk ikkje parafin, bensin eller annan brannfarleg væske til opptenning. Det kan medføra eksplosjon.
  • Plasser veden liggjande i omnen eller peisen, ikkje ståande. Då vert brannverdien betre utnytta.
  • Tenn på ovanfrå og ned.
  • Pass på at spjeldet er opent og at omnen får nok forbrenningsluft.
  • Når det er god varme i omnen kan du regulera trekken ned, til det brenn med rolege flammer (sjå brukarrettleiinga til omnen).
  • La veden brenna heilt ut, til det berre er ein haug med glør att før du legg i ny ved. Hugs å regulera trekken opp igjen, slik at veden tek godt fyr.
  • Ver vaken og tilstades når du bruker eldstaden.
  • Ikkje fyll omnen med ved og sett ned trekke før du legg deg eller nå du forlet bustaden. Det aukar fara for pipebrann og medfører auka partikkelutslepp.
  • Brenn kun brensel som er eigna for eldstaden.
  • Omnen må ikkje tømast for oske mindre enn 24 timar etter at han har vore i bruk. Oska må plasserast i ein behaldar som ikkje er brennbar.
  • Ein rein eldstad gjev betre varme. Fei omnen jamnleg.

Sjå også gjerne denne informasjonsfilmen frå Naturvernforbundet, Feiermesternes Landsforening, Miljødirektoratet og Norsk Varme: