Dette gjer du ved pipebrann

Steng ventilar og luker til skorsteinen. Bruk vatn eller brannslukningsapparat dersom brannen spreier seg til huset rundt pipa. Slukking av sjølve pipebrannen bør du overlata til brannvesenet, men er dei langt unna kan du freista å dempa brannen med eit pulverapparat medan du venter.

Steng ventilar og luker

Dersom du oppdager pipebrann må du stenga alle omnsventilar og luker som fører til skorsteinen. Dersom det ikkje er fyr i peisen kan du også stenga peisspjeldet. Er det fyr i peisen, må du ikkje gjera det, då vil røyken koma inn i rommet.

Unngå spreiing

Ved etasjeskiljer kjem treverk og anna brennbart materiale inntil pipa. Når det brenn i pipa kan dette ta fyr. Ver derfor ekstra merksam på røykutvikling ved etasjeskiljene, og hald eit auge med loft og kjellar. Dersom du oppdager at brannen spreier seg i etasjeskiljene, kan du freista å slukka med vatn eller slukkeapparat.

Slukke pipebrann

Slukkinga av ein pipebrann bør du overlata til brannvesenet, ring 110. Dersom du er på hytta eller det er langt til næraste brannvesen kan freista å dempa brannen med eit pulverapparat medan du venter:

  • Opn sotluka i botnen av skorsteinen forsiktig, og styr slanger frå apparatet inn i skorsteinen.
  • Trykk inn utløysaren, men lat berre litt pulver koma ut.
  • Lukk igjen luka.
  • Gjenta dette dersom brannen tek seg opp att.

Evakuer i tide

Hugs at du ikkje må setja deg sjølv i fare. Du må alltid evakuera før det vert farleg å opphalda seg inne. 

Etter brannen må skorsteinen kontrollerast av brann- og feiarvesenet.