Rusmiddelplan 2012

 Kvifor ein rusmiddelpolitisk handlingsplan?

Planarbeidet er heimla i Alkohollova og i heradstyrevedtak. Alkohollova § 1-7 gir fylgjande pålegg: ”Kommunen skal utarbeide en alkoholpolitisk handlingsplan.”  I merknader til lova går det fram at planen bør handsamast i kvar heradstyre-periode.

Kvam herad har sidan 1999 hatt ein Rusmiddelpolitisk handlingsplan. Planen har vore revidert kvart 4. år.  Ei arbeidsgruppe har utarbeidd framlegg til revidert plan for perioden 2012 – 2016. Arbeidsgruppa har vore samansett av politi, kommunelege, sosialteneste, skulesjef, kultursjef, barnevernleiar, utekontakt, psykisk helseteneste, sals- og skjenkekontroll og to representantar frå tenesteutvalet.

Heradstyret vedtok i møte 06.09.11, sak 076/11, å gje administrasjonen i oppgåve å rullera rusmiddelpolitisk handlingsplan for Kvam herad for perioden 2012 – 2016.