Private septiktankar/slamavskiljarar

Septik24 tømmer private septiktankar/slamavskiljarar på vegner av Kvam herad.

Kva er ditt ansvar som huseigar?

Dersom du har ein privat septiktank/slamavskiljar, har du ansvar for å halde anlegget i orden, jf. plan- og bygningslova. Dersom anlegget ureinar, har du som eigar plikt til å rydja opp. Kontroller slamavskiljaren og avrenningsrøyret med jamne mellomrom, slik at du unngår ureining eller oppsamling av kloakk inne i huset.

Kva er ansvaret til Kvam herad?

Kvam herad er ureiningsmynde  for mindre avlaupsanlegg. Det vil seie at me godkjenner og fører tilsyn med slamavskiljarar/septiktankar. Heradet kan når som helst ha tilsyn eller kontroll.

Septik24 tømmer slamavskiljarar/septiktankar på vegner av Kvam herad. Dei følgjer opp at tømminga skjer med faste mellomrom. Dei seier til nokre dagar før tømming, slik at du får tid til å gjera slamavskiljaren tilgjengeleg.

Kvam herad tek eit gebyr for å tømma private slamavskiljarar/septiktankar. Sjå oversikta over kommunale gebyr og prisar.

Skal du montera slamavskiljar?

Før du monterer eit minireinseanlegg eller privat slamavskiljar/septiktank, må du først få utsleppsløyve i samsvar med denne forskrifta.

  • Kravet til slamavskiljar for heilårsbustader er 4 m3 med tre kammer og avrenning til sjø. Tømming skjer annankvart år.
  • Krav til slamavskiljar for fritidsbustader er 2 m3 med to kammer og avrenning til sjø. Tømming skjer kvart fjerde år.

Treng du ekstra tømming?

Treng de tømming utanom dei planlagte tidene, må eigar sjølv sørgja for å tinga tømming og bera kostnadene for dette. 

NORVA24 Birkeland utfører tømming på vegner av Kvam herad. De kan kontakta dei på telefon 57 78 11 70 eller e-post birkeland@norva24.no

Jarle Ystebø
Ingeniør
Telefon 40 47 25 62

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.