Kommunal øyeblikkeleg hjelp døgnopphald

Tenesta er eit alternativ til innlegging i sjukehus for nokre pasientgrupper som kan få eit like godt eller betre tilbod gjennom ØHD. I Kvam har me ei ØHD seng som er lokalisert på Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling i Norheimsund.

 

Kven kan få tilbodet?

Fastlege eller legevaktslege legg inn pasientar i samråd med ØHD-legen.

Døme på pasientgrupper som kan vera aktuelle:

  • infeksjonar (urinvegsinfeksjon, lungebetennelse)
  • smertebehandling
  • KOLS-forverring
  • trong for observasjon/oppfølging ved sjukdom

Døme på pasientgrupper som ikkje er aktuelle:

  • brystsmerter
  • alvorleg akutt sjukdom som krev avansert diagnostikk og spesialisert vurdering/behandling
  • barn under 16 år

Kva kan du forventa etter innlegging?

  • rask igangsetjing av behandling, observasjon og oppfølging i samsvar med behandlingsplanen
  • dagleg undersøking av lege
  • lege i beredskap 24 timar i døgnet/7 dagar i veka
  • sjukepleiar i avdelinga 24 timar i døgnet/7 dagar i veka
  • fysioterapi/ergoterapi etter behov
  • tett samarbeid ved utskriving med pårørande og kommunale heimetenester

Kva kostar det?

Opphaldet er gratis.

Klage

For meir informasjon sjå her.